Lokal | 22. apr. 2015

Det brysomme folket på Kuventræ

Lesarinnlegg: Kor mykje skal kommuneleiinga tola og kor mykje skal vi som bur på Kuventræ tola?

Det brysomme folket på Kuventræ
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. apr. 2015 06:55

I formannskapet 14. april vart det i politisk kvarter diskutert kva ein må tola som politikar eller som kommunalt tilsett, og grensene for personkritikk. Det er beklagelig om nokon i administrasjonen eller politikarane føler at dette har vert ubehagelig. Politikarane/kommunalt tilsette er nok ekstra sårbare når dei har ei dårlig eller kontroversiell sak til handtering.

Kva med oss som bur på Kuventræ, kor mykje skal vi tola frå kommunen og politikarane i denne/desse sakene?

Vi er mange enkeltpersonar, det er vår kvardag og vårt bumiljø det gjeld.

Uvisse har vi hatt i lengre tid for husutbygginga her, og uvissa er blitt forsterka med områdeplan/veg. Det er trass alt kommunen som har laga forslag til områdeplan som berører samtlige grunneigarar, untatt ByggConsept som er skjerma frå heile områdeplanen.

Det er drastiske tiltak Os kommune legg opp til på Kuventræ. Vi trur ikkje kommunen og politikarane heilt forstår kva konsekvensar dette kan få for bumiljøet vårt.

Elendig informasjon

Hadde kommunen samla dei som bur på Kuventræ og andre berørte partar inn til eit informasjonsmøte i forkant av områdeplanen, slik at vi kunne få ei saklig orientering om kva kommunen tenkjer og meiner i vårt område, så trur vi det hadde tatt brodden av mykje uvissa.

Her har kommunen noko å læra av Statens vegvesen som oppretter nabokontakt på dei litt større tiltaka der dei orienterer om planarbeidet og gjennomføringa av prosjektet. Dette vart gjort på strekninga Moberg – Svegatjørn, og no på oppstart av ny E-39 Svegatjørn –Rådal.

Vi ser fram til å møta ordførar og rådmann til dialogmøte i mai.

Honnør til Ståle Skaatun, Høgre som møtte oss for å lytta, Os Venstre og Tverrpolitisk som har engasjert seg i lokalpressa, og repr. fra KrF, TVP og Torill Keys i eit splitta Os Ap som stemte mot planen for gigant-utbygginga til ByggConsept på Kuventræ.

På vegne av grunneigarar/naboar,
Arne Monsen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.