midtsiden

– Det er bruder overalt!

Familien Walle frå Os opplever kongeleg bryllaupsstemning i London.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, april 29, 2011 - 14:46

Det er ikkje berre i England at interessa for dagens bryllaup er stor, to milliardar var vitne til at prins William og Kate - eller hertugen og hertuginna av Cambridge, som er deira nye titlar, gav kvarandre sitt ja.

Ein familie frå Os får med seg folkefesten i London, der enorme folkemengder følgjer bryllaupet langs vegane og på storskjermar.

Tidleg ute

– Vi hadde ikkje ambisjonar om å sjå brudeparet, eg var ein tur i gatene i går kveld og det sto fleire hundre telt der folk overnatta for å få ein god plass i dag, seier Rune Walle.

Tidleg ute var han likevel, då datoen blei kjent i haust var han rask med å bestilla fly og hotell.

– Det er ikkje ofte du får sjansen til å få med deg eit kongeleg bryllaup og ein slik folkefest, eg tenkte det ville vera spesielt kjekt for dottera vår, Thea (5) og for konemor Janne.

Fleire bruder

I tillegg til dottera og kona har  Rune med seg den eine sonen hans, Adrian (15).

– Det vrimler av bruder her, mange som har tatt seg kjolane sine og går med bilde av Kate som maske eller med plakat der det står «Why not me?».

– Kanskje skal eg finna ei brud til Adrian, det er i alle fall mykje å velja i, ler Rune.

Full fest i parken

I staden for å prøva å pressa seg fram for å få med seg brudeparet kjøra forbi har familien Walle funne stemninga i Hyde Park.

– Vi var utanfor kyrkja tidlegare i dag, men fekk tips av nokre norske studentar at Hyde Park ville vera ein veldig bra plass å vera no på dagtid.

– Her er serveringstelt og storskjermar overalt og ei fantastisk stemning! fortel Rune.

Om ikkje så lenge skal dei ein tur å handla litt, i butikkar som alle har bryllaup som tema.

– Så går turen til Trafalgar Square, der skal det vera mykje som skjer utover kvelden.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11