Næringsliv | 10. nov. 2010

Det er digert!

Kor stort er eigentleg "Lidl-lageret" i Ådnadalen? Midtsiden.no har vore inne og sett.

Det er digert!
Andris Hamreonsdag 10. nov. 2010 12:53

Bildeserie:

Lagerbygningen er på 36.000 kvadratmeter. Utearealet er også stort.
Lagerbygningen er på 36.000 kvadratmeter. Utearealet er også stort.
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
Lagerbygningen er på 36.000 kvadratmeter. Utearealet er også stort.
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Berre for å slå det fast med ein gong: Det er eit digert bygg Reitan sikra seg då han kjøpte restane etter Lidl.

Les òg: Nytt firma overtar Lidl-lageret

Lageret i Ådnadalen er:

• Nesten fem gongar så stort som Arenum Messesenter i Bergen.
• Drygt halvannan gong så stort som Vikingskipet på Hamar
• Like stort som hallarealet i Noregs leiande messesenter - Norges Varemesser på Lillestrøm.

Vi snakkar enorme dimensjonar på bygget som er vel 121 x 297 meter. Til samanlikning er ein fotballbane med
internasjonale mål 68 x 105 meter. I tillegg kjem kontordelen på omlag 1000 kvm.

Vi kan berre slå fast at Lidl tenkte stort då dei skulle etablera sentrallager på Vestlandet.

- Ja, det er eit svært bygg, samtykkar meklar Tommy Guldbrandsøy, som har oppdraget med å få bygget leigd ut.

Ventar på veg
Guldbrandsøy fortel at det har vore ein del førespurnader på bygget, men han har liten tru på at det skjer noko før ny E39 blir realisert.

- Eg trur at lettare tilkomst med ny veg vil gjera bygget meir interressant, sier Guldbrandsøy.

- Påvente av ny veg, saman med finanskrisa, som har gjort at bedrifter har stått litt på vent, er nok noko av grunnen til at det framleis står tomt, trur meklaren.

Frå 400 kroner kvaderatmeteren
Lageret har truleg kosta Lidl kring 100 millionar å bygga.

Når midtsiden.no spør Guldbrandsøy kva ein må ut med for å leiga eller kjøpa bygget trekk han litt på det.

- Det vil jo koma an på mykje, men frå 400 kroner kvadratmeteren og oppover må du nok rekna med.

Som aktuelle leigetakarar ser han for seg verksemder som treng 5000 - 10000 kvaderatmeter.

Held portane opne
Golvet i bygget er berre grovplanert med pukk. Eigrane vil ikkje gjera meir med dekket før dei veit kva bygget skal brukast til.

- Det er mange ulike behov avhengig av bransje, så det kunne fort blitt bortkasta pengar. Vi held portane opne for alle typar verksemder og aktivitetar, seier meklaren.

93 mål tomt
Det er ikkje berre bygget som er digert. Også tomta er svær. 93.195 kvaderatmeter er det å boltra seg på.

- Dei la jo opp til at det skulle koma trailarar med varer og gods, så dei kjøpte rikeleg med plass for å kunne kome til og kunne snu bilane, avsluttar Guldbrandsøy.

Fakta om bygget

  • 37.304 kvadratmeter
  • 10,2 - 14 meter under taket
  • Kontor-/administrasjonsbygg på 1.037 kvaderatmeter fordelt på to høgder
  • Bygget er delt i med to brannseksjonar. Den største delen er på om lag 15.000 kvaderatmeter.
  • Areal førebudd for fryselager på om lag 950 kvaderatmeter
  • Til saman 112 køyreportar fordelt på dei to langsidene
  • Vann, kloakk og straum er lagt fram til bygget
  • Eigedomen er regulert til forretning, kontor, industri


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.