Kultur | 20. okt. 2016

– Det er fleire Borg-ar som har opning

Nissen Borg gratulerer butikken Borg, og nemner samtidig at han også har opning.

– Det er fleire Borg-ar som har opning
Nissen Borg er kar for opning av sabbaten. I desember ser vi han i Oseana igjen. (Foto: privat/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. okt. 2016 13:08

Omtale av ei butikkopning i Os sentrum i dag leia til ei helsing frå Nepal.

– Butikken ser fin ut, men eg ville no berre nemna at sjølvaste eg òg er klar for opning, skriv Nissen Borg i ei helsing til redaksjonen.

– Kva opning då?

– Opninga av sabbaten, fortel Borg, og sender bilde av seg sjølv i full harmoni, med sjøstjerne på hovudet.

– Er det lett å få tak i sjøstjerner i Nepal?

– Nei. Eg tok ho med frå Suezkanalen på veg austover.

Skal snart flytta heim

I Oseana i desember i fjor, i andre akt av historia om Nissen Borg, såg vi nissen si reise frå Os via Spania, arabarland og India til Nepal.

Måndag 7. desember kjem siste del av Jon Sæbø sin trilologi på scenen i Oseana igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.