Sport | 23. jan. 2016

– Det er ikkje sigeren som får meg til å glisa, det er måten den kom på

Os stilte ungt, men styrte showet borte mot Tertnes.

– Det er ikkje sigeren som får meg til å glisa, det er måten den kom på
Vegard Skeie (t.v.) og Fabian Bødtker (t.h.), her mot Bjarg førre helg, spelte i dag òg. Ole Martin Lekven Kolskogen (midten) var sjuk og kunne ikkje vera med. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. jan. 2016 17:25

Laurdag spelte Os sin andre treningskamp denne vinteren. Førre kamp enda 2-2 heime mot Bjarg.

I dag sto Tertnes for tur. I andre kvalifiseringsrunde i NM i fjor måtte det straffekonk og 15 (!) skåringar til før Os vann. Sjå video frå kampen.

Denne gong var det enklare.

– Eg gliser frå øyre til øyre. Det er ikkje fordi vi slår Tertnes i ein treningskamp, det er på grunn av måten vi speler på, gløden, innsatsviljen og den fysiske tilstanden til spelarane våre, ikkje minst alle dei unge.

– Det imponerer meg kva ungdom i Os som er på veg mot seniorfotball no, seier assistenttrenar Ørjan Håland.

Tertnes - Os 0-2 (0-1)
Målskårarar, Os: Erik Kanestrøm (straffe) og Anders Havsgård
Os: Andrew Todd - Christoffer Hevrøy, Adrian Valle, Devante Dubose, Glenn Krossøy - Rafael Villén, Torgeir Lunde - Max Oldham, Erik Kanestrøm - Steffen Ljosheim, Fabian Bødtker.
I pausen kom Øystein Takle Eide inn for Kanestrøm, Thomas Lunde Fosen for Ljosheim, Knut Spangelo Haga for Krossøy og Frode Moberg Øvredal for Todd. I 60. minutt kom Vegard Skeie inn for Valle og Anders Havsgård for Bødtker.

Verken spelande hovudtrenar Hassan El Fakiri, Marius Mikkelsen, Endre Brenne eller Emil Halver spelte i dag.

– Tertnes fekk ein corner som gjekk i mål tidleg i kampen, men det blei dømt frispark til oss og målet blei annulert då to-tre mann hoppa på Todd.

– Elles hadde vi stålkontroll, styrte kampen, sto høgt og spelte i periodar veldig god angrepsfotball. Alle spelarane viste tydeleg at dei ville bruka kvart einaste minutt dei hadde fått av speletid, dei springer noko enormt og byr på seg sjølv.

0-1 kom då Oldham blei spelt gjennom og felt. Kanestrøm sette straffen. 0-2 kom på ein susar av Havsgård frå rundt 16-meteren.

Neste treningskamp går laurdag 6. februar borte mot Brann 2.

Brann 2 kom på 4. plass i avdelinga Lysekloster rykte opp frå i haust og speler mot Os i serien i år.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.