Lokal | 15. juli 2014

– Det er kontrollert

Ser du røyk og flammar i Øyane i dag er det berre å ta det med ro. Det er brannvesenet som brenner ned eit hus.

– Det er kontrollert
Om du ser røyk i Øyane tysdag er det berre brannvesenet som øvar, som her på Skeie i 2011 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 15. juli 2014 07:19

Tysdag morgon/formiddag kan du sjå røyk frå eit hus i Øyane.

– Det er vi som har øving, huset skal brennast ned, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Brannvesenet skal brenna ned eit hus og ei gamal løe i Røtingavegen, rett ovanfor bedehuset på Bruarøy.

– Vi startar no i 9-tida, flammar og røyk vil vera mest synleg no på morgonen og litt utover formiddagen.

– Det er ingen grunn til å uroa seg, det skal vera ei kontrollert nedbrenning av bygningane, forsikrar varabrannsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.