Kultur | 17. des. 2014

– Det er mogleg at vi overproduserte

Laurdag blei suksess, søndag blei søkk våt. I dag skal julefestivalen evaluerast.

– Det er mogleg at vi overproduserte
Eirik Søfteland var sistemann på scenen søndag, og han sparte ikkje på krutet sjølbv om det var kuling og regn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. des. 2014 08:49

Bildeserie:

Det var lite folk på Øyro søndag, men Eirik med band fekk likevel litt publikum.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var lite folk på Øyro søndag, men Eirik med band fekk likevel litt publikum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Det var lite folk på Øyro søndag, men Eirik med band fekk likevel litt publikum.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I fjor starta Os Sentrumsforening ein ny julemarknad på Øyro. Marknaden blei ein suksess og i år blei den, på initiativ frå Kjetil Osablod Grønvigh i kultureininga i Os kommune, utvida til ein julefestival.

Sjå bildeserie og video frå laurdag, første dag i julefestivalen.

Mange gode tilreisande utstillarar var på plass i år òg, desse fekk selskap av blant anna eit tettpakka program på scenen, med ny artist kvar heile time gjennom dagen både laurdag og søndag.

Laurdag hadde fint vêr og mykje besøk, søndag var det kuling og regn heile dagen. Besøkstalet blei tilsvarande svakt.

– Vi skal møtast onsdag, eg og sentrumsforeininga, og evaluera arrangementet. Det er mogleg vi overproduserte i forhold til vêret søndag, at vi neste år har litt færre punkt på programmet, eller at vi lager eit A-program som kan reduserast til eit B-program om vêrmeldingane tydeleg seier at det blir rufsete, seier Grønvigh.

– Song som om 500 høyrde på

Myrna Braza var andre artist på scenen laurdag, akkurat då vêret hadde byrja å letta, men før det var kome noko særleg med folk. Likevel snakka og song ho som om det var fleire hundre framfor scenen.

Eirik Søfteland var sistemann ut søndag ettermiddag, etter at dei fleste utstillarane hadde pakka saman grunna grisevêr. I kjent stil gav han full gass.

– Det gjorde i grunnen alle. Eirik tok fly heim frå Oslo for å gje vekk ei helg til oss og andre artistar ofra sikkert også viktig tid for å laga stemning for oss i Os. Vi er veldig takksame for alle som stilte opp denne helga, ikkje minst dei som trassa vêret søndag og ikkje fekk det heilt store publikummet søndag.

Storsuksess med buss til Borgastova

Eit anna viktig og populært tilbod var tur med veteranbuss frå rådhuset til Borgastova ved ungdomsskulen, der det var trekkspelmusikk, servering og ein julenisse med ekte skjegg som sat og venta på dei små.

– Vi talte 300 gjestar i Borgastova laurdag og 150 gjestar søndag og fekk heilt fantastiske tilbakemeldingar. Nissen høyrer heilt klart heime i Borgastova, seier Kjetil.

– Det var ein del som ikkje hadde fått med seg at vi hadde dette innslaget på programmet, så det må vi få endå tydelegare fram neste gong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.