– Det er no alvoret startar
Lysekloster med 6-0 siger over Austevoll. – Dette var trening, det er no alvoret startar, seier trenarteamet.
Lysekloster spelte tysdag den siste treningskampen før alvoret startar med 1. kvalifiseringsrunde til NM heime mot Bjarg onsdag om ei veke.
– Vi startar kampen bra.
– Det første kvarteret er ok, men vi er likevel ikkje bevisste nok på kva vi gjer innanfor dei to sekstenmetrane.
– Vi bør skåra fleire og ikkje sleppe Austevoll så lett til på kontringar, oppsummerar Ørjan Sandal.
Brukbar 2. omgang
Lysekloster leiar 1-0 til pause og puttar fem nye i løpet av andre omgangen.
Heile seks mann skårar i kampen.
– Andre omgangen er brukbar.
– Då har vi mykje gode bevegelser for kvarandre og fart i ballen med helhjerta løp.
– Sett under eitt har vi framleis ein god del å gå på, oppsummerar Sandal.
Lysekloster - Austevoll 6-0 (1-0)
Målskårarar: Tommy Gaustad, Johannes Jordal, Ola Sjømæling, Daniel Kalstad, Baste Jonassen, Kim Liseth
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Baste Jonassen, Knut Eriksen Eide, Preben Skorpen, Aleksander Andersen, Sindre Flaa, Johannes Jordal, Hans-Christian Nysæther, Daniel Kalstad, Tommy Gaustad og Lars Henrik Skage.
Innbyttarar med speletid: Kim Liseth, Espen Birkeland, Ola Sjømæling, Sigve Rørstad, Joakim Hjelmeland, Øystein Takle Eide og Mikal Brekke.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.