Kultur | 31. jan. 2015

– Det er veldig rart

Aurora Aksnes om korleis det byrja, om året som har gått, kor nervøs ho er før ho går på scenen og om korleis framtida blir.

– Det er veldig rart
Aurora Aksnes (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 31. jan. 2015 08:30

Aurora Aksnes har det siste året opplevd det som for mange ungjenter er den store draumen, å bli kjend som låtskrivar og artist, og å få lov å spela musikken sin ute i verda. For ho sjølv var det aldri målet.

– Det har aldri vore draumen. Eg hadde berre lyst å gjera musikk.

– Eg har aldri sett for meg meg sjølv stå på ein stor scene. Det å melda seg på Idol eller liknande har aldri vore aktuelt.

- Det var aldri draumen min at eg skulle bli berømt, fortel Aurora Aksnes stille når Midtsiden møter ho på Oseana, kor ho 14. februar, speler sin første store solokonsert.

Starta som seksåring

– Men kor tid byrja det heile då? Når starta du med musikken og å skriva eigne låtar?

– Eg byrja på piano som seksåring og laga mine eigne melodier. Då var det meir klassisk pianoting.

– Som niåring skreiv eg vel dei første tekstane mine. Eg har alltid trengt å uttrykka meg, og formatet fann eg ved pianoet.

På julejam med Olav og Eirik

I arkivet til Midtsiden finn vi saker om Aurora tilbake til 2010 då ho gjekk vidare i UKM. Ikkje med song og musikk, men med dans.

– Det var òg ei uttrykksform eg likte.

Rett før jul 2012 skjedde det som skulle snu livet to Aurora på hovudet. Ei venninne lasta låta «Puppet» opp på NRK Urørt og det tok heilt av. Like etter fekk ho telefon frå Eirik Søfteland om ho ville vera med på Olav Skorpen sin julejam på Bar2Be.

– Det var utruleg stort. Tenk å få betalt 300 kroner for å spela låta mi, smiler ho, og ser tilbake på episoden som var tredje gongen ho song i offentleg samanheng.

– Av ein eller anna grunn så spelte eg den med gitar, og eg som ikkje kan å spela gitar ein gong. Det var vel det at var for mykje styr å skulle få eit piano opp der, mimrar Aurora.

Visste ikkje om ho ville stilla

Med låta på NRK Urørt kom invitasjonen til å stilla på By:larm i januar 2014.

– Eg var veldig usikker på om vi skulle gjera By:larm i det heile tatt.

– Ikkje hadde eg eit band, det måtte eg jo lappa saman. Og så måtte vi øva og læra alle sangene. Det som heldt meg mest tilbake var at eg aldri hadde framført utan å ha noko å gøyme meg bak.

– Eg trøysta meg med at det sikkert ikkje kom så mange. Det var jo ingen som kjente til meg.

– Men, slik blei det ikkje. Eg skjøner eigenleg ikkje kva som skjedde, oppsummerer ho om konserten kor det virkeleg tok av med terningkast seks frå VG.

Hakuna matata

Då snøballen først hadde byrja å rulla var det for seint å stoppa. Konsertinvitasjonar, jobbar og interesse frå internasjonale plateselskap kom slag i slag. Men éin ting endra seg ikkje; Aurora sin nervøsitet før ho skal på scenen.

– Eg har alltid vore kjempenervøs før eg skal på. Det er eg framleis.

– Korleis taklar du det?

– Det er vanskeleg. Men eg og bandet syng og dansar hakuna matata bak scenen for å få ut litt av spenninga.

– På scenen slepp det ikkje taket før eg har fått spelt eit par låtar og snakka med publikum. Då roar nervene seg litt.

– Eg føler på forventingspresset, men det går fint så lenge eg finn gleda i å skriva musikk, smiler ho forsiktig.

Full støtte frå mor og far

Som elev på vidaregåande skule blei det etterkvart travelt å både rekka lekser og å vera med på den karussellen som hadde starta.

– Eg gjekk realfag. Det er tøffe fag og eg liker å gjera ting 100 prosent. Mamma og pappa såg at det vart mykje og gav meg full støtte i å slutta på skulen i haust.

– Eg håper ikkje folk ser opp til meg fordi eg slutta på skulen, men det blei for mykje og eg har lyst å satsa no når eg har sjansen.

– Du skulle vel vore russ i år?

– Ja, men det er eg glad eg slepp. Eg trur ikkje eg hadde likt russekøyret. Eg trivst best når det er stille og roleg rundt meg.

– Då ladar eg batteria og hentar inspirasjon. Eg er eit følelsemenneske og liker å ha det fredeleg.

Blir pusha

Med full jobb som musikar kjem forventingane til å skulla levera.

– Eg er heldig som no har musikk som heiltidsjobb og stiller i studio kvar dag.

– Du er ikkje redd for å mista deg sjølv litt oppi det heile då?

– Eg er hypa i musikkindustrien. Det veit eg, men samstundes så er det ikkje slik at eg har ei diger fanskare.

– Eg blir nok pusha litt mot kommersialiseringa, i alle fall på éi låt når eg kjem med ein EP med fire låtar i april og fullt album i september. Men samstundes så får eg lov til å vera den eg er.

– For meg speler det ikkje noko rolle kor berømt eg blir. Eg vil ta vare på mitt eige og vera stolt over det eg leverer. Ikkje levere noko berre fordi nokre andre seier det.

– Der har eg full støtte frå familien, men òg frå manageren min og dei rundt meg.

Cohen og Dylan som forbilde

Inspirasjonen hentar ho frå det stille livet på Drange og i musikarar som Leonard Cohen og Bob Dylan.

– Eg ser ikkje opp til ein artist og tenkjer slik vil eg bli. Men eg ser opp til dei som bruker evnene sine til å fortelja ei histore, dei so skriv om kjenslene sine og som tar opp ting som dei meiner er feil.

– Som eg fortalde er eg eit følelsesmenneske og songane mine er historiar om og med kjensler. Nokre med bakgrunn i ting eg sjølv har opplevd, og andre som kjem når eg ser folk og tenkjer på kva dei kan ha opplevd.

– Eg håper eg ikkje sårar nokon med tekstene mine, seier ho stille.

Har vore rart

Året som har gått skildrar ho som som veldig rart.

– Eg har jo hatt veldig medvind og det er gøy å kjenna at ting skjer, men det har gått veldig fort.

– Det var rart å opptre i Berlin i Tyskland og sjå at det kom folk for å høyra på meg. Akkurat som det var rart å vera på CMA-festivalen i New York, kor det var 1300 band med og vi av ein eller anna grunn blei lagt merke til.

– Det å koma på topp ti-lista på festivalen og at New York Times skreiv om oss kjennest også merkeleg.

Einaste solokonserten

Musikken har gjennom året brakt ho til byar som Berlin, London, New York og Gröningen, men no står den første store solokonserten for tur. På heimebane i Oseana.

– Det blir den første fulle konserten min, kor vi skal spela i ein time. Eg håper jo at det kjem folk, men samstundes så blir det litt rart at dei skal koma berre for å høyra på meg.

– Er dette den einaste solo-konserten din?

– Ja, i alle fall som er planlagt så langt. Eg er vel booka på ni festivalar i Noreg i år, også skal vi ut på ein turné i Europa og til USA igjen, men konserten i Oseana er den einaste som er så langt.

– Det kjem til å bli ei rekkje nye låtar, nokre med bandet og nokre veldig rolige akustiske, avsluttar Aurora Aksnes, som òg blir å sjå på Lindmo på NRK 6. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.