Kultur | 06. jan. 2018

– Det finst inga grenser

Påmeldinga til UKM er opna. – Alt av kreativitet er velkomen. UKM er mykje meir enn berre scene.

– Det finst inga grenser
Eirik Søfteland blir med som mentor og støtte for ungdommane på UKM. Her under fjorårets festival (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrelørdag 06. jan. 2018 09:01

3. februar blir UKM (Ung Kultur Møtes) arrangert i Oseana igjen.

– Tradisjonen tru blir det i Oseana. Det var eigentleg Fusa sin tur i år, men ungdomsrådet på Fusa var tydelege på at vi burde ha det i Oseana, siden dei førebels ikkje har eit eigna lokale på den sida av fjorden, fortel Kjetil Osablod Grønvigh.

UKM har allereie i fleire år vore arrangert for det som skal bli Bjørnafjorden kommune.

– Ja, vi var tidleg ute. Det er vel fem - seks år sidan vi introduserte samarbeidet på ferja mellom Hatvik og Venjaneset.

Alt av kreativitet

Osablod Grønvigh fortel at dei ligg omlag der dei pleier å ligga i høve påmeldingar no omlag ein månad før UKM.

– Eg kan ikkje få understreka nok at du kan stille opp på UKM med kva som helst. Om du driv med bilder, appar, bakar eller gjer noko heilt anna, så er det hjartleg velkomen. Vi skal klare å få plass til det. UKM er mykje meir enn det som skjer på ei scene. Hjå oss er takhøgda stor.

– Påmeldingsfristen er 28. januar på UKM.no.

Eirik som mentor

Sist UKM blei arrangert gjorde ein det til ein weekend med workshops av ulike slag.

– Det blir det ikkje i år. No har vi UROF, som arrangerer konserter både i Os og Fusa. Dei skal ha ein liten teaser i Fusa rockeklubb neste fredag, så då får vi speide etter talenter.

– Det som blir også i år, er at Eirik Søfteland blir med oss som mentor og støtte. Eirik tykkjer UKM er gøy og hadde veldig lyst å vera med. Heldigvis så passa datoen.

– Eirik er ein god støtte for nervøse ungdommar som skal på scenen. Han kan gje dei tips og små anekdotar frå eiga karriere, som kan vera med å roa dei ned. Det betyr mykje.

– Ellers så freister vi å gi meir og meir av ansvaret til ungdommane sjølv. Arrangør er jo også ein kategori ein kan melda seg på. Det er ungdommane som veit korleis det bør vera, ikkje menn i 40-åra, avslutter Osablod Grønvigh med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.