Kultur | 30. juli 2015

– Det går i en jamn straum

Midtsiden TV: Billettsalet går unna. Få festivaltipsa frå Tor Egil Hylland. Bli med Ole Reinert Berg-Olsen backstage og vi kan røpa kva det er Gabrielle berre må ha bak scene?

Andris Hamretorsdag 30. juli 2015 12:40

(Videoreportar Ørjan Håland/Midtsiden.no)

Fredag klokka 18 går Elvira Nicolaisen på hovudscena på Osfest, men då har allereie Håvard Skaatun og Terje Frigaard spelt eit par timar på Ausefatet, scenen i VIP-teltet.

– Det går i ein jamn straum av billettar. I løpet av eit par timar har vi seld ein 30-40 billettar her på festivalkontoret. I tillegg har vi måtte losa eindel folk vidare til Oseana eller billettservice fordi vi ikkje har alle typar billettar her, fortel Merete Lunde, leiar for dei frivillige på festivalkontoret.

VIP-passa til laurdag er nær utseld. Det same gjeld cruiset med Halvdan Sivertsen og Jace Everett, men ògså i dei andre billettkategoriane går det unna.

Kva og korleis gjer du det

Midtsiden fekk festivalsjef Tor Egil Hylland til å ta oss rundt på festivalområdet og forklara kor ein finn kva og kva som er viktig å tenka på.

– I alle salstelta på grusplassen er det bongar som gjeld. Desse kjøper du på førehand på festivalkontoret eller på ein av dei andre utsalsstadene. Vi tek alle typar kort på utsalsstadene, forklarar mellomanna Hylland.

Backstage med sjel

Den andre festivalsjefen Ole Reinert Berg-Olsen tek i videoen Midtsiden-lesarane med backstage og kan saman med frivillig artistansvarleg Mari Lund Eide avsløra ein av tinga Gabrielle har bedt om bak scene.

– Det verste som kan skje er at vi har gløymt noko, seier Lund Eide dagen før dagen.

Stenger Giskavollen og Landboden

Bilistar bør merka seg at i løpet av torsdagen ettermiddag vil Giskavollen bli stengd for biltrafikk. I løpet av kvelden vil også Landboden bli stengd frå omlag ved dyrlegen til festivalkontoret.

– Vi vil freiste å halde det ope for mjuke trafikanter så lenge det lar seg gjera opp mot festivalstart, men ber om forståing for at vi må stenga for biltrafikk av omsyn til tryggleiken til dei som riggar og ordnar på festivalområdet, avsluttar Tor Egil Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.