Lokal | 23. aug. 2011

Det gode liv på Os; heime

LESARINNLEGG, Laila Reiertsen (Frp): Ditt liv i heimen din i det gode liv på Os

Det gode liv på Os; heime
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. aug. 2011 06:49

>> Sjå alle lesarinnlegg på Midtsiden.no her.

Dei fleste av oss ønskjer så lenge det er mogeleg å få bu heime. Er ein frisk og klarar seg sjølv så må det vere det beste for både seg sjølv og for kommunen.Difor må ein ta omsyn til dette både når det gjeld open omsorg og generell førebygging.

FrP er særs glad over at ein no har fått på plass tryggleikssjukepleiar. Og eg veit at den som er tilsett sit med mykje god kompetanse som ein kan nytta til det beste for innbyggjarane våre.

Førebygging er særs viktig i alle samanheng.

Difor ønskjer Os FrP på sikt å utvida og få på plass eit eige førebyggingsteam. Der tilsette med kompetanse på fysio, ergo og ernæring vil vera samarbeidspartnarar i tenesta. Og av dette så er det ikkje berre dei eldre som kan dra nytten. Men alle. Vi veit at samhandlingsreformen står å bankar på allereie frå nyttår av. Og i det høvet er førebygging svært viktig. Osingane våre vil vi skal vera mest mogeleg friske.

Det strøymer på med innbyggjarar til Osbygda. Det er flott og kvar og ein er velkomne. Heimetenesta må og følgja med i denne utviklinga. Stillingar må aukast i takt med behova.

Og då har eg ei hjartesak:

Eg ønskjer 100 prosent-stillingar.

For kven snakkar om reduserte stillingar i skule, teknisk eller merkantil, men i helse då er det nærast eit funn å få ein 100% stilling.

Her må politikarar, fagorganisasjonane og leiinga innan helse vera bestemte og bevisste slik at dette blir sjølvsagt og ikkje eit unntak. Skal ein rekruttera helsepersonell må fleire tiltak vera i fokus og fulle stillingar er eit av dei.

Laila Marie Reiertsen
Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.