Lokal | 20. aug. 2011

Det gode livet på Os

LESARINNLEGG, Laila Reiertsen (Frp): Halv pris på sjukeheimsplass for dei som ikkje får enkeltrom.

Det gode livet på Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. aug. 2011 07:13

>> Sjå alle lesarinnlegg på Midtsiden.no her.

Korleis har vi det eigentleg i bygda vår? Spørsmålet har ein vel stilt seg ofte og kanskje i den siste tida oftare.

Eldreomsorga vil framleis vera viktig for FrP sjølv om det store løftet vil vera innan skule dei næraste åra.

FrP vil framleis at dei eldste blant oss skal ha det godt i bygda.

Difor vil vi setja i gong arbeidet med ein ny fløy på det eksisterande bygget på Luranetunet. Og då for dei demente.

Ei prioritering ein sårt treng. Men samstundes skal vi renovera den gamle delen av sjukeheimen. Det er på høg tid!

Mange som søkjer langtidsplass på sjukeheimen får plass, men av og til må ein dela rom med ein annan. Dette er svært uheldig. Nokon ønskjer dette, men ein del søkjer om enkeltrom utan å få det.

Ein veit at så snart det opnar opp for enkeltrom vil desse verta prioritert. Men i nokre høve så går det tid før dette skjer. For desse vil FrP gje dei avslag i prisen ein må betala for opphaldet. Det skal ikkje vere sånn at ein ikkje får det ein betaler for.

Difor ønskjer FrP at desse får HALV PRIS på betalinga for sjukeheimsplassen.

Dette er rettvis og samstundes vert det eit press på oss politikarar til å byggja om dobbeltrom til enkeltrom. Og dette er positivt. Det fører til eit endå betre liv, i dette høvet for dei eldre på Os.

Godt val!

Laila Marie Reiertsen
Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.