Circle K Os - siste helg etter 61 år

– Det kjem til å vera noko som manglar

Familien Eidsvik går inn i si siste helg etter 61 år med bensinstasjon og verkstad i Os sentrum.

Av: Ørjan Håland

I fjor skifta stasjonen namn for tredje gong, i dag markerer familien Eidsvik den ufrivillige slutten på 61 år med verksemd i Os sentrum.

• Bakgrunn: Eit landemerke som forsvinn

Gründer Henrik Eidsvik (89) er framleis på stasjonen kvar dag.

– Det kjem til å vera noko som manglar, seier Henrik, som søndag 18. mars har sin siste dag på den 61 år gamle stasjonen.

Familien fortel at det er både travelt og vemodig å brått legga ned.

Os kommune har kjøpt tomta og skal bygga parkeringshus. Stasjonen vil bli riven i løpet av sommaren.