F.v.: Endre Brenne, Martin Røttingen Eidsvik og Karl Kvile saman med sportsled leiar Jan Frode Skeie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Det nye trenarteamet til Os

Karl Kvile overtar A-laget, Martin Eidsvik blir trenar for Os 2.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Karl Kvile (49), som i november i fjor kom til Os Fotball som trenar for B-laget, tar steget opp og overtar som hovudtrenar for A-laget etter Hassan El Fakiri.

Kvile har UEFA A-lisens. Han var i Brann-systemet, der han blant anna var med og trente Barmen, Grønner, Skårnes, Vindheim og Hansson, før han gjekk til Løv-Ham og, etter samanslåinga, Fyllingsdalen.

– Eg har hatt mange fine år med ungdomsfotball og spelarutvikling etter at eg, som engasjer far, blei opptatt av nettopp dette med i påverka spelarar midt i den motoriske gullalderen, seier Kvile.

Sist han trente eit seniorlag er då han i heimbygda trente Odda.

– A-laget blir noko heilt anna. Vi skal framleis, ved å utvikla spelestil og kollektiv arbeid, utvikla oss som spelarar. Men no er det først og fremst resultat som gjeld.

Brenne blir spelande assistent

Med seg får han Endre Brenne (29) som spelande assistenttrenar. Brenne, som var del av trenarapparatet til El Fakiri og Ørjan Håland, held fram i jobben som dagleg leiar for Os Fotball.

Brenne hadde erfaring med å trena ungdom då han spelte på øvste nivå på Island. Heime i Noreg har han tatt UEAF B-lisens, og både vore med i det sportslege apparatet til A-laget, og drive spelarutvikling på 2005-årgangen.

– Eg ser tilbake på ei lærerik og fin tid med Hassan og Ørjan, og ser no fram til å jobba saman med Kvile. Han er ein fagleg dyktig mann og ein tydeleg og flink fyr på feltet.

Eidsvik tilbake på Kuventræ

Martin Røttingen Eidsvik (27) overtar som trenar for Os 2. I sommar var han ferdig utdanna lærar, med fysisk fostring som favorittfag. Han har òg utdanning som personleg trenar og har mål om å ta UEFA B-lisens i 2018.

– Eg jobbar som vikar i skulane i Os og har ambisjon om å driva fulltid med fotball, seier Martin, som òg var instruktør på Camp Mallorca i haustferien.

Han har sjølv vore 9 månadar i trening på Mallorca, dei første med tidlegare lagkamerat Vegard Leikvoll Moberg. Martin har tidlegare trent Nore Neset sitt juniorlag og er i dag fotballtrenar på Lysekloster sitt akademi.

Eidsvik spelte på A- og B-laget til Os seinast i 2011.

• Les òg: Eidsvik skåra alle måla då Os 2 vann 4-1

Seinare var han utom Nore Neset før han fekk 57 A-kampar på fire år for Lysekloster. I år har han spelt for Søfteland, som er Os 2 sin motstandar i serien i 2018.

– Os 2 og Søfteland er i same avdeling i 2018. Du risikerer å møta deg sjølv i serien neste år, korleis blir det?

– Eg har ikkje bestemt om eller kvar eg speler neste år, men om eg held fram på Søfteland er det ikkje ein kamp eg kjem til å spela, seier Eidsvik.

Med seg tilå trena Os 2 får han lagkamerat på Søfteland og juniortrenar på Os dei siste åra, John Ole Johannessen. Det er førebels uavklart om Odd Jarle Hjelle er med vidare på Os 2.

Får Per Hilmar med på laget

Os Fotball har òg fått inn Per Hilmar Nybø i det sportslege apparatet. Nybø, som spelte 150 kampar og skåra 32 mål for Brann frå 1986 til 1992, skal bidra frå ungdom til A-lag.

– Vi er veldig nøgde med det nye trenarteamet, seier sportsleg leiar Jan Frode Skeie.

– Det blir spennande å få Per Hilmar til Os. Han er spesielt god med det offensive, og vil bistå både yngre lag og vera ein god sparringspartnar opp til seniornivå.

Midtsiden kjem tilbake med meir om Kvile sine tankar om spelestil, tropp og fysikk i eige intervju.

Det nye trenarteamet blir i skrivande stund presentert for A-stallen og Kvile skal leia treninga i kveld.