Lokal | 21. juni 2017

Det rette å gjera

Kommentar: Skjerming av hamna er det rette å gjera om Osøyro skal bli så attraktiv som kommunen og næringslivet ønskjer.

Det rette å gjera
Harald Døsen (Ap), Ståle Skaatun (H), plansjef Tina Sinclair og næringssjef Daniel Skotheim fekk presentert Leirvik hamn av Inge Espenes tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. juni 2017 09:56

Fram til i går hadde eg som Midtsiden sin landkrabbe ikkje helt skjønt poenget med maset om bølgjedemparar og skjerming av Os hamn.

Kvifor skal ein bruke 34 millionar kroner + på å leggja tilrette for båtfolket?

Jau, fordi det gir ringar i vatnet. Det gir grunnlaget for eit aktivt og levedyktig næringsliv.

Båtfolket legg att penger i dei lokale butikkane. I daglegvaren, på polet og i klesbutikken.

Dei nyttar servicetilboda som restaurantane, Solstrand, Oseana og Osbadet.

Har du råd til ein båt som kostar tusen kroner i timen å køyra, så har du òg råd til å ta familien med på restaurant og eta eit godt måltid. Eller, når det regnar, legga att nokre tusenlappar i den lokale klesbutikken.

Det blei veldig tydeleg då underteikna var med hamneutvalet på studietur til Leirvik, Bekkjarvik og Våge tysdag.

• Som Christian Halstensen i Bekkjarvik sa: – Os har alt båtfolket ønskjer seg.

Ingen av stadane har ein kunne rekna heim investeringane for gjestehamna aleine. Til det er kostnaden for høg. Men i alle hamnene fortalde dei om synergiane, om næringsliv som ikkje hadde overlevd utan båtgjestane om sommaren, om eit yrande folkeliv til glede for både fastbuande og gjestar.

– Det handlar om trivsel og arbeidsplassar for dei som bur her fast, fortalde Halstensen.

Difor er eg overbevist om at det er rett å skjerma hamna og legga til rette for fleire gjestar som kjem sjøvegen.

Når investeringane først er gjort, handlar det om å vera på ballen. Sjølve drifta av båthamnene vi besøkte går rundt. Dei omset for mellom 600.000 og 1 million i hamneavgift gjennom sesongen og sit at med eit overskot på mellom 50.000 og 100.000 når utgiftene til vertsskap, vedlikehald, straum, reinhald og renovasjon er trekt frå.

Kor mykje næringslivet sit att med frå båtfolket hadde ingen av dei tal på, men svara var eintydige.

– Tilbakemeldingane frå fleire av butikkane seier dei er avhengige av båtturistane, fortalde hamnesjef Inge Espenes på Stord, noko som blei bekrefta også i dei to andre hamnene.

Kommunen og grunneigarar har snart brukt 60 millionar på å rusta opp Osøyro.

Det er bortkasta om ein ikkje klarer å skapa eit kundegrunnlag.

Det held ikkje med tilfeldig forbipasserande frå Fusa eller Fana. Ein må skapa Osøyro til ein attraktiv plass å besøka. Ein plass ein har lyst til å koma tilbake til gang etter gang.

Det er ein godt i gang med, men det krev ein innsats. Frå kommunen. Frå dei næringsdrivande. Og frå deg og meg som hyggelege vertar og brukarar av Osøyro og hamna når gjestane kjem, anten det er via sjøen eller landevegen.

God sommar!

Andris Hamre
Journalist, Midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.