Lokal | 03. mai 2018

– Det såg ikkje bra ut

Video: Russen fekk seg tankevekkjarar då brannvesenet inviterte til trafikksikringsdag.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 03. mai 2018 13:35

Torsdag inviterte Os Brann- og redningsvesen avgangselevane ved dei vidaregåande skulane i Os til trafikksikringsdag på brannstasjonen på Moberg.

– Målet er å gje dei ei forståing for kva krefter som er i sving, fortalde varabrannsjef Arne Monsen.

Demonstrasjonen tok for seg ein bildropp frå omlag 30 meter, noko som tilsvarar ein kollisjon i 70 km/t med påfølgjande demonstrasjon av frigjering av fastklemt person.

Elevane fekk også moglegheiten til å testa veltepetteren der ein opplever korleis det er å gå rundt på taket i omlag 35 km/t.

– Det er ikkje bra, konkluderte Marius med etter demonstrasjonane.

Med for å informera var også politiet og ambulansetenesta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.