Lokal | 20. mai 2015

– Det ser ikkje bra ut

– Det var først då vi opna foten at vi såg kort stygt skadd han er, seier veterinær Eva-Kristin Lunde, som nyleg har hatt «Hamnesjefen» på operasjonsbordet.

– Det ser ikkje bra ut
Hamnesjefen etter at han blei tatt inn til Osøyro Dyreklinikk tysdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mai 2015 13:15

Tysdag ettermiddag blei det oppdaga at den populære og mykje omtalte knoppsvanehannen i Oselvo, «Hamnesjefen», var skadd i ein fot.

Les òg: Svane livstrugande skadd

I intervju med radio onsdag morgon sa ordførar Terje Søviknes at Os kommune tar rekninga, om fuglen kan reddast. No har svana nettopp vakna frå narkose.

– Svana har fleire brot i alle tærne. Vi såg at det var fleire brot også på røntgen, men ikkje kor gale det var, seier veterinær Eva-Kristin Lunde frå Osøyro Dyreklinikk.

Treng fleire operasjonar

I første omgang er blødningar stoppa og brota reparert.

– Det som blir spennande no er om svana unngår infeksjon.

– Om alt går bra så blir det ny operasjon om cirka ei veke. Då skal brota stabiliserast meir. Det kunne vi ikkje gjera no, då kunne vi gjort vondt verre.

Blir tatt hand om av dyrevenar

Lunde har ikkje plass til svana på klinikken fram til ein eventuell neste operasjon.

– Vi kan ikkje ta hundar inn til svana, så den tar opp eit heilt rom. Men så snart han er klar så skal han over i privat omsorg ved Oselvo, der han var etter at han blei behandla for blyforgifting, seier Lunde.

Sjå video; Feira med svanedans

– Det er heldigvis nokre eldsjeler som har meldt seg og vil ta hand om han.

– Eg forstår at det er mange som liker denne fuglen, men faren er dessverre langt frå over, seier veterinæren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.