Sport | 11. feb. 2018

Det sit i hovudet

Mental og fysisk styrke heng saman - og styrkar kvarandre.

Det sit i hovudet
Torill Bakke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. feb. 2018 11:18

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring. Sjå lenkje til fleire treningstips nedst i artikkelen.

• Førre innlegg: Dropp sommarkroppen - gå for heilårskroppen!

Tanken si kraft er stor, og å ha trua på eiga mestring er viktig. Ideelt sett burde alltid tankemønstra våre vera fokusert på sjansane våre i ein situasjon, framfor alle hindringane.

Pippi Langstrømpe var rå på dette, hennar motto på nye ting var at «dette har eg aldri gjort før, så det klarer eg sikkert». Med ei grunnleggande tru på at du vil mestra kjem ofte både sjølvtilliten og resultata dine, både på trening og gjerne også elles i livet.

Mental trening handler om å ha eit sterkt hovud, som gjer at du utnytter potensiale ditt til det fulle fysisk. Ofte er vi vår eigen største kritikar. Dagleg tenker vi mellom 12.000 og 50.000 tankar. Dette vert kalla den indre dialogen din, altså det du seier til deg sjølv 24 timar i døgnet.

Det oppsiktsvekkande her er at hovudparten av alle desse tankane hos mange av oss er negative. Å ha ein positiv indre dialog er avgjerande for å nå eit mål. Ein negativ indre dialog gjer deg demotivert og drep sjølvtilliten og pågangsmotet.

Heldigvis kan hovudet, på same måte som kroppen, trenast opp til å bli sterkare.

Mental trening påvirker oss ikke berre psykisk, men også i stor grad fysisk. Dersom du på trening går inn i ei øveling med tanken om at dette får eg ikkje til, eller at dette blir tungt, då blir det gjerne det. Kor ofte har vi ikkje begrensa oss sjølve med ein slik negativ tankegang, som gjerne igjen resulterer i at ein gjerne ikke prøver seg i det heile tatt?

Ved å trena bevisst og kontinuerleg på mentale ferdigheiter kan vi auka dei gode prestasjonane våre. Dette gjeld ikkje berre på trening. Dette er teknikkar som er nyttige å ha med seg i alle samanhengar der du skal gjera noko som er utfordrande for deg. Eksempel på mentale ferdigheter er sjølvtilliten din, det å ha evna til å fokusere, å kunna regulera spenningsnivået sitt og å kunna klare å motivera seg til å gjennomføra ei oppgåve. Ved å trena på desse ferdighetane vil du få betre kontroll på tankane og følelsane dine, du vil prestere betre og resultata kjem.

Mental trening handlar ikkje berre om mål og måloppnåing, men òg om korleis du har det på vegen. Det er ofte naturleg for oss å samanlikna oss med andre og alt andre oppnår. Det nyttar som regel ikkje, fordi det sjeldan blir positivt. Det vil alltid vera nokon som er betre enn deg.

For å ha det godt i prosessen framover er det viktig og inspirerande å setja seg gjennomtenkte mål ut frå ditt utgangspunkt. Finn eit mål som betyr noko for deg, eit mål som du verkelg ønskjer å oppnå. Tren på det du ønskjer å bli god i.

Å trø ut av den velkjente komfortsona er ein god måte å auka din eigen sjølvtillit på. Det er nemlig her forandringa skjer.

Dersom det er noko du er redd for skal du utfordra deg med det, start i trygge rammer og øv deg fram til du meistrar oppgåva, framfor å unngå det du er redd for. Sjølvtillit er trua på eigne ferdigheiter og sjølvtilliten kan trenast opp. Å utsetja seg for gode situasjonar der du får utfordra sjølvtilliten din, gjer at du vil prestera betre for kvar gang. Ein god indre dialog bygger ein god sjølvtillit.

Å ha god sjølvtillit vil seia at vi tek ansvar for eigne handlingar og ser på feil og motgang som læring, og ikkje som katastrofe.

Det å vera i god fysisk form har også store fordelar i sammanhengen med å vera sterk mentalt. Ved å vera i god fysisk form bygger du eit godt forsvar mot negativt stress, der du blir meir robust og får høgare kapasitet til å kunne prestera i kvardagen. Ein sterk kropp gjer eit sterkt hode. Ta dette med deg videre i kvardagen. Tren regelmessig, jobb med å ha eit positivt tankesett, lag deg gode målsetningar og jobb hardt mot det som er viktig for deg.

Jobb alltid med innstillinga om at dette klarar eg, berre eg vil det sterkt nok samtidig som eg jobbar hardt og målretta mot målet mitt. Innimellom går vi alle på trynet, men med et sterkt hovud tar vi det med oss videre som god læring.

Når du veit korleis du jobbar på lag med kropp og sinn blir det ein uståelig kombinasjon. Du har mykje potensiale, bruk det!

You can do it! Lykke til!

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kosthaldsvegleiar.
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.