Lokal | 20. nov. 2017

– Det skal syda av liv

Marknadsdagane flyttar og utvidar. – Håpet er at det nesten skal skje for mykje, seier William Lindborg.

– Det skal syda av liv
Sentrumsleiar William Lindborg med spennande planar for Osdagane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 20. nov. 2017 12:54

Lindborg lanserte Osdagane då det blei kjent at det blir ølfestival neste sommar og at den blir ein del av nyvinninga Osdagane.

– Tanken er at vi fortsatt skal ha marknadsdagane, slik som vi har hatt i mange år. Dette er ein av dei mest tradisjonsrike marknadane vi har, men vi vil utvida den, fortel leiar i Os sentrum, William Lindborg.

Opner for fleire

Osdagane blir ein paraply kor fleire aktiviteter kan koma inn under.

– Vi har lyst til å opne for fleire og gjera det større utan at sentrumsforeninga skal arrangera alt sjølv. Osdagane skal vera paraplyen for alt som skjer. Vi håper at vi skal få til så mykje ulikt at det nesten blir slik at det skjer for mykje.

– Kva type aktiviteter og arrangement er det de ser for dykk?

– Ølfestivalen og marknaden er allereie med. Oseana har også hatt kunsthandtverkmarknad, det hadde vore naturleg å ha med. Noko som også kan skje er at det blir konsertar i Vognhallen, slik som det var under Osøren Jazz og bluesfestival. Dette er det nokon andre enn vi i sentrumsforeninga som held tak i.

– Osbadet har jo tidlegare vore i vikjo med Wibiten. Kanskje dei kan ta turen igjen, frir Lindborg.

Viktig for bygda

Lindborg legg ikkje skjul på at det er ein baktanke med å utvida marknadsdagane til å bli Osdagane.

– Skal vi få folk til å komma til Os, så må vi spele på det mangfoldet vi har i bygda. Vi må kombinera kultur, marknad, kanskje eit tivoli og ellers det som er av likt og ulikt.

– Det er denne totalpakka som gjer Os så mykje meir attraktiv.

Berre å melda seg

Osdagane vil bli arrangert 28.-30. juni 2018, ei veke seinare enn marknadsdagane tidlegare har vore.

– Vi skal jo snart bli Bjørnafjorden kommune, og i Fusa så har dei Vinnesfestivalen st.hans-helga, så for å ikkje kollidera, så skyv vi ei veke på det, men framleis så arrangerar vi det før folk reiser på ferie.

– Målet er at det skal skje noko heile dagen og også utover kvelden desse tre dagane. Vi tar koordinator-rolla og ansvaret for marknadsføringa, så er det berre for lag, organisasjonar og folk som vil arrangera noko å ta kontakt. Ein av tinga vi vil freiste å unngå er at like ting skje samstudes, men at det blir koordinert i høve til kvarandre.

– Kor vil Osdagane gå føre seg?

– Utgangspunktet er jo sentrumsforeninga sine marknadsdagar, så det er naturleg at mykje skjer i Os sentrum, men det er berre kjekt om ting også skjer litt utanfor. Målet er at det meste skjer i gangavstand til kvarandre, avsluttar Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.