Det tok av!

Osfest er definitivt i gang! Sjå video og bilder frå då Myrna og Heine sparka igang Osfest i teltet.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

I år har Osfest utvida med ein dag og starta allereie torsdagen med "vorspiel" i VIP-teltet, og for ein opptakt til festivalen det blei.

Først ut var vår eigne Myrna Braza, rett nok ikkje osing, men gift med ein. Og Myrna med band satte standarden. Låtene satt som ei kule og vel 150 osingar hadde funne vegen allereie tidleg torsdagskvelden.

– Det er fantastisk med så mykje folk, så tidleg på ein torsdag, kommenterte festivalsjef Ole Reinert Berg-Olsen.

Etter nær halvannan time på scenen gav Myrna stafettpinnen vidare til bømlingen Heine Totland og stjernelaget han hadde med seg. Og han var ikkje sein om å flørta med osinganen.

– Eg vaks jo opp på Bømlo, og damene på Os var noko mystisk då eg vaks opp. Vi tok ferja for å sjå på damene. Og de som er her er dei vi såg på då. De ser enno betre ut no enn de gjorde då, flørta han. Og den gjekk heim. Damene var med.

Stjernelag

Saman med eit stjernespekka band, mellomanna med spelemannsprisvinnar Bendik Brenne (som spelte på Osfest i fjor) og Twang Gang vokalist Erlend Styve serverte han rockeslagerer som perler på ei snor. Det blei dansa på scenen, i salen og etterkvart også på borda.

At Heine Totland er ein underhaldar og gjev alt er det lite tvil om. Den lyseblå dressen han starta konserten i var mørkeblå før bandet gjekk av scena.

– Bilr det ei bra helg på Osfest, ropte han til dei omlag 300 i salen.

– Jaaaaaa, var svaret han fekk. Og held det fram som dette, så blir det ein fantastisk fest dei kommande to dagane.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.