Lokal | 11. feb. 2016

– Det var ein heftig brann, men heldigvis ingen skadde

19 personar måtte evakuerast då det brann på Søfteland i natt. – Då eg såg brannen frå Hjellemarka tenkte eg, her er det berre å få folk ut, seier Arne Monsen.

– Det var ein heftig brann, men heldigvis ingen skadde
Huset blei totalskadd i brannen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 11. feb. 2016 08:07

Klokka 0315 gjekk alarmen hos brannvesenet, politiet og i AMK sentralen. Meldinga gjekk ut på at eit bustadhus i Lerkevegen på Søfteland sto i full fyr, men at dei som budde i huset var kome seg ut.

– Eg kom, som første mann frå brannvesenet, til staden klokka 0336. I det eg såg eit stort bål då eg køyrde gjennom Hjellemarka tenkte eg at her handlar det om å få folk ut, seier varabrannsjef Arne Monsen.

19 evakuert

Politiet kom til staden samstundes med varabrannsjefen og satte iverk umiddelbar evakuering av fire nabohus.

– Det var to mennesker og to hundar som budde i huset som brann. Dei hadde kome seg ut før vi kom til staden. I dei fire nabohusa blei 17 personar evakuert, så totalt var det 19 som blei evakuert medan det brann.

Ruta sprakk

Monsen fortel at det var relativt vindstille, noko som gjorde sløkkearbeidet enklare.

– Det var ikkje umiddelbar fare for spreiing til nabohusa, men strålevarmen frå ein slik brann er såpass høg at ein viss risiko var det.

– Vi hadde 11 brannfolk ute som var med på sløkkearbeidet og som var med å kjøla ned dei næraste nabohusa. Einaste skaden på desse var at ei rute i det eine nabohuset sprakk.

– I tillegg til våre eigne folk hadde vi ein mannskapsbil frå Fana brannstasjon som hjalp oss i innleiinga med å sikra på baksida av huset, fortel Monsen.

Ingen skadd

Monsen er glad for at det tross alt gjekk så bra som det gjorde.

– Det var ein heftig brann, men så langt eg kjenner til blei korkje menneskje eller dyr skadd.

– Vi fekk og sett at den nye høgderedskapen vår fungerar som vi håpa på. Det å komma opp i høgda for å få oversikt og å sløkka var til god hjelp, avsluttar Arne Monsen.

Brannvesenet har gitt beskjed til teknisk vakt, som er på veg for å salta og strø vegen etter at ein god del vatn som har rent ut Lerkevegen har frose på og gjort vegen glatt.

Veit ikkje brannårsaken

Politet er i ferd med å starta etterforskinga på kva som starta brannen.

– Det er for tidleg å seia noko om årsaka, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet er no på veg til Søfteland for å sperra av området.

– Vi er i dialog med krimteknisk og held på å laga ein plan for etterforskinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.