Lokal | 17. des. 2015

Det var i dei dagar ...

Lesarinnlegg: Når ein no snart let at døra for dette året og opnar ei anna er det tid for refleksjonar.

Det var i dei dagar ...
Laila Reiertsen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. des. 2015 09:37

Landet vårt har fått bryna seg på fleire områder dette året. Oljeprisar som falt. Arbeidsløysa som steig. Og ikkje minst den store immigrasjonen og flyktningstraumen.

Regjeringa har handla, og handlar. Med midlar i hopetal. Med endringar i lovverk. Men samstundes må ein følgja utviklinga vidare. For å ta viktige avgjersler etter kvart.

Då er det særs viktig at arbeidsledige søkjer seg jobbar der dei er. Mange må belaga seg på pendling eller flytting. Ein må opna opp for gründarar som vil satsa på gode idear. Her må både stat og kommune vera støttande.

Ein må vidare få ein fortgang i kven som får opphald i landet og kven som skal ut. Dette for at ein raskt kan koma inn i god integrering i kommunane. Os kommune viser med sitt vedtak når det gjeld busetjing av fleire flyktningar, at me tar ansvar.

Underteikna vart innvalgd på ny til Stortinget i oktober. Med ansvar for Familie og kulturfraksjonen for Frp blei det ei ny utfordring for meg. Med ansvar for familiedelen vart dette eit område som eg likte godt. Det har vore nokre travle månadar, men det er godt ein har erfaring frå tidligare periode.

Det er snart jul. Mange får kanskje ei litt annleis jul i år enn i fjor. Nokre med litt mindre å rutta med på grunn av tap av arbeid. Andre skal feira jul i eit heilt nytt land med uvisse for framtida.

Samfunnet vårt har eit sterkt sikkerheitsnett. Det skal vi være glade for. Men samfunnet kan ikkje løyse alt. Noko er også opp til ein sjølv. Samstundes kan du som medmenneske tilføra mykje. Det kostar ingenting å bry seg. Væra til stades for kvarandre. Hjelpa så godt ein kan. Våga å by på seg sjølv. Sjølv om det kostar litt å koma utanfor komfortsona.

Det er i desse dagar det skal gjera deg godt å væra medmenneske!

Med ønskje om ei god jul og eit godt nyttår til alle!

Laila Reiertsen
Stortingsrepresentant, Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.