
Bilen hamna utfor og oppetter ei skråning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var LITT glatt i natt
Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, januar 20, 2012 - 08:33
Torsdag i 23-tida kjørte ein bil av vegen ved industriområdet ved Ulvenvegen, mellom Vaksinen og Irgenskrysset.
– Det eine hjulet hekta seg utfor kanten. Eg prøvde å få bilen inn igjen på vegen, men det var umogleg, seier den mannlege føraren.
Vedkomande var åleine i bilen og blei ikkje skadd i utforkjøringa.
Bilen hadde retning Strøno den han hamna i grøfta og oppetter ei skråning.
Det sludda i Os torsdag kveld og vegen hadde eit tjukt lag med slaps då mannen kjørte utfor.
Rett før midnatt blei bilen henta av tauebil.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
