
– Det var stort å runda Brattholmen!
– Å runda Brattholmen fredag kveld og sjå kaien, gamle-Røttingøy som la ifrå for å gje plass til den nye, og ein liten velkomstkomité på bryggekanten - det var stort, seier Røttingøy-skipper Olav Dale.
Fredag i 18-tida kom dei endeleg heim med båten som har lagt til ombygging på Eidsvik Skipsbyggeri i Uskedalen sidan mars.
– Vi hadde håpa på å få båten heim i midten av juni så kunne fått prøvd den på nordsjøsilda og fått testa utstyret medan vêret var fint og lyst, seier dagleg leiar i Dales Rederi AS, Astrid Dale.
Mista festen
Astrid levde i trua og bestilte sydentur i september. Det gjorde at ho akkurat gjekk glipp av mottakinga på kaien og open båt søndag.
– Ting utvikla seg i ombyggingsfasen og vi fekk lyst til å gjera meir med båten. Vi bestemte oss for å ta alt medan vi låg i Uskedalen, og sjølv om det meste var ferdig før ferien så gjekk sommaren med.
– No synes eg det er litt vanskeleg å reisa, men eg får satsa på at det blir tatt mange fine bilde medan eg er vekke, sa Astrid dagen før avreise, fire dagar før nyebåten kom heim.
10 år sidan sist
Gamle-Røttingøy blei bygd i 1978 (det same året som Olav Dale blei fødd) og kjøpt av Dales Rederi i 2001. I år, 10 år seinare kjøpte Dale-familien MS Paula, som blei bygd ny ved Eidsvik i 1994 og totalrenovert i 2005.
– Båten framstår som ny i maskineri og innreiing, det var det som gjorde den attraktiv, seier Olav Dale.
– Kva var det som gjorde at de såg etter ny båt?
– Vi sakna litt fart og vi sakna litt lastekapasitet.
– Dessutan er det godt med noko nytt. Det er som med bil, same kor mykje du legg ut på ein gamal bil så er den framleis gamal. No har vi ein båt som i praksis er 27 år nyare en den førre.
Frå trål til ringnot
Den førre eigaren var frå Irland og fiska botnfisk med trål. Røttingøy-gjengen fiskar pelagisk fisk og treng ringnot, derfor blei det ombygging for over 10 millionar kroner.
– Notbinge er på plass, det er også flå- og grunnleggar, noko vi ikkje hadde i den førre båten, utsyr som vil letta arbeidet mykje for dei som står og legg nota på plass.
– Båten er 7 meter lengre og 2 meter breiare enn den førre. Lastekapasiteten er nesten 50 prosent betre, så no kan vi fiska kvoten på færre turar. Båten er perfekt for vår drift, meiner skipperen.
Rett på fiske
Røttingøy reiser med ni om bord inkludert lærling. Til saman er det 14 som har jobb på Røttingøy, men det er alltid nokon som er på land.
Måndag var Sjøfartsdirektoratet om bord for å gje Dale sluttpapira på den nye båten, så ventar fisket.
– No blir vi liggande til kai ein dag eller to, til papira er i orden, så går vi til Manger for å henta nota. I Mangefjorden tar vi nokre prøvekast for å testa det nye utstyret, så går vi rett på makrellfiske i Nordsjøen, fortel Olav Dale.
Reiarane ville venta til båten var ferdigmalt før dei opna for publikum, men det vesle som sto igjen grunna mykje regn den siste tida blei ståande grunna meldingar om endå meir regn. Fredag kom båten heim og søndag blei det fest om bord og på land.
Mange møtte fram for å sjå og for å gratulera. Gamlebåten er førebels ikkje selt, men Dales Rederi er i dialog med interessentar og jobbar vidare med saka.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no


