Sport | 20. aug. 2013

– Det var tøft

Tre osingar deltok i eit av verdas hardaste løp, Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon, med totalt 4200 høgdemeter. – Tøft var det, men likevel fint, seier debutant Gunnar Bøthun.

– Det var tøft
Gunnar Bøthun får påfyll av drikke frå hjelpemann Tore Engesæter (privat foto)
Andris Hamretirsdag 20. aug. 2013 08:29

Arlandsfjellet Xtreme Triathlon er på enkelte nettstader omtalt som eit av verdas 10 hardaste triathlon-løp, trass i at det "berre" er ein halv ironman-distanse.

1900 meter symjing i Aurlandsfjorden, 98 km på sykling frå Aurland over Aurlandsfjellet til Erdal og tilbake, 20 km løping frå Aurland til Vassbygdi, opp Aurlandsdalen til Østerbø.

Ei samla stigning på 4200 meter er grunnen til at det blir sett på som så tøft.

– Det var minst like hardt som Norseman, meiner Eivind Hodneland, som no har prøvd begge løpa.

– Det kan ikkje eg vurdera, sidan eg ikkje har løpt norseman, men berre vore med som hjelpemann for bror min Sigurd Beldo. Men når Eivind seier det, så er det nok det, skyt Gunnar Bøthun inn.

Symjetrening i heile sommar

Bøthun har aldri vore med på triathlon tidlegare, men har god erfaring i lange løp, men då vinterstid i Vasaloppet.

– Det var Eivind som "tvang" meg med, eg som knapt kunne symja.

– Frå eg blei påmeldt 1. juli har det blitt mange symjeøkter for å læra seg å crawla nokonlunde.

– Det gjekk forsåvidt greitt, men det eg ikkje hadde øvd på var å symja i 11 gradar.

– Det var ekstremt kaldt og eg mista heilt følelsen i beina. Den fekk eg først tilbake etter at eg hadde sykla 1000 høgdemeter, fortel Bøthun.

Hadde prøvd turen

Sykkeletappa over Aurlandsfjellet hadde Bøthun prøvd før.

– Vi har hytte ikkje så langt unna, så eg tok turen for om lag tre veker siden for å veta kva eg gjekk til.

– Syklinga er veldig ærleg. Det går ikkje å henga på andre, her må du gjera jobben sjølv.

– Første turen opp til 1340 meter gjekk fint, etter rundinga i Erdal blei det tøft då eg kom opp på 900 meter. Då møtte motvinden meg og det handla berre om å koma seg til topps, fortel Bøthun som la dei 92 kilometra bak seg på vel fire og ein halv time.

Drakk såpevatn

Den avsluttande løpeturen blei ikkje heilt som Bøthun hadde planlagt.

– Eg er nøgd med tida, men fekk ei utfordring då det viste seg at camelbacken min med sportsdrikke ikkje var skikkeleg skylt før eg fylde på med drikka.

– Då eg skulle ta den første supen, smakte det såpe. Eg måtte berre kvitta meg med den og i staden satsa på vatn frå bekkane opp Aurlandsdalen.

– Heldigvis hadde det regna ein del så det var ikkje problem å finna drikke. I tillegg hadde eg naudproviant i forma av energigel og -barar, så eg klarte meg.

Fristar til gjentaking

Gunnar Bøthun fullførte løpet på 7:43:45, noko som heldt til 15. plass i klassa 30-39 år og 42. plass totalt.

– Eg hadde eit håp om å koma under 8 timar. Det hadde eg rekna på at eg kunne klara.

– Etterkvart i løpet skjønte eg at eg kunne klara det, men det var litt vanskeleg å finna motivasjon for å pressa seg.

– Eg hadde ingen rett bak meg som pesa meg, men oppdaga ein kar eit godt stykke framfor meg. Han bestemte eg meg for at eg skulle ta igjen.

– Berre meter før mål passerte eg han, smiler Bøthun.

– Frister det å gjera det igjen?

– Ja, kroppen og beina føles bra allereie, så det gjer det absolutt.

– Eg søkte jo om å få vera med på Norseman i år, men fekk ikkje plass. Eg ser ikkje bort frå at eg søkjer om deltaking på det løpet igjen, avsluttar Gunnar Bøthun.

– Ei fantastisk oppleving

Dei andre osingane som deltok var Kristian Lunde Lyssand og svigerbroren Eivind Hodneland.

Lyssand kom i mål på 8:18:01, 26. plass i klassen for menn 30-39 og 74. plass totalt. Hodneland som løper i klassen 40-49 brukte 8:56:13, noko som holdt til 37. plass i klassa og 117. plass totalt.

– Eg er definitivt nøgd ut frå føresetnadene eg hadde.

– Det var ei fantastisk oppleving å vera med på, ikkje minst å sykla og løpa gjennom den utrulege naturen vi gjorde, seier Eivind Hodneland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.