Kultur | 31. juli 2014

– Dette blir kjekt

Nicolai Hamre frå Pogo Pops hugsar framleis godt då dei spelte i Os sist, sjølv om det no er to tiår sidan.

– Dette blir kjekt
Pogo Pops er klare for Osfest. Frå venstre: Nicolai Hamre, Frank Hammersland og Viggo Krüger. (Pressefoto)
Kari M. Lyssandtorsdag 31. juli 2014 16:57

Osfest er i gang med første festivalcruise torsdag. I løpet av helga kjem det til å å koma mange kjente artistar og band til bygda. Eit av dei er 90-tals heltane Pogo Pops.

Det er ikkje første gang Frank Hammersland, Viggo Krüger og Hamre spelar i Os, og sjølv om det er over 20 år sidan så hugsar dei det framleis.

– Eg hugsar godt då vi spelte for fullt hus i Fjellheim, i 1993 trur eg det var, fortel Nicolai Hamre, trommeslagar i Pogo Pops.

Same året vann dei Spellemansprisen for albumet Crash og året før var dei nominerte med debutalbumet Pop Trip.

Hamre minnast at dei spelte i Fjellheim nokre år tidlegare òg, men då under namnet Doomsville Boys.

– Speler der det høyres gøy ut

Pogo Pops blei oppløyst i 1996, men medlemmane held framleis saman og har gjeve ut album både i 2009 og 2012.

No speler dei berre saman "på gøy", med ein fast konsert i Bergen før jul og nokre spelejobbar på sommaren.

– Vi vel berre ut dei stadane det høyres kjekt ut å spela, og Osfest var ein av dei.

Tidlegare i sommar har Pogo Pops spela på The Tall Ships Races og hatt konsert i Bekkjarvik, Austevoll.

Rett på neste jobb

Hamre lovar å spele dei gamle, gode slagarane, og då kan nok publikum gleda seg til å få eit gjensyn med mellom anna Crash, Man inside my head , My mind explodes og Scooter girl.

Sjølv om Pogo Pops er først på scena laurdag blir lite tid til for dei tre å få med seg resten av konsertane på Osfest.

– Vi speler så tidleg fordi vi hadde takka ja til ein annan jobb før vi fekk spørsmål om å vera med her på Os.

– Så etter konserten er det berre å pakka saman utstyret og reisa vidare til Hardanger, seier Hamre.

– Men først skal det bli kjekt å spela for osingane igjen, seier Hamre, som gler seg til å sjå både eldre og yngre fans på Osfest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.