Lokal | 30. mai 2017

– Dette er det nye

Kommunal- og moderniseringsminster Jan Tore Sanner (H) lét seg imponera over gründerane i Bjørnefjorden Gründerpark.

– Dette er det nye
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) fekk ein presentasjon av Bjørnefjorden Gründerpark og gründerverksemdene i parken (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 30. mai 2017 17:05

Bildeserie:

Banner meiner at Byggmappen er heilt i tråd med det staten ønskjer å utvikla innan byggebransjen (foto: AH)
Banner meiner at Byggmappen er heilt i tråd med det staten ønskjer å utvikla innan byggebransjen (foto: AH)
Statsråden lot seg òg imponera av Alpha Global sine planar om algeproduksjon. Her i dialog med Kent A. Modum Jørgensen i MA Gruppen (foto: AH)
Statsråden lot seg òg imponera av Alpha Global sine planar om algeproduksjon. Her i dialog med Kent A. Modum Jørgensen i MA Gruppen (foto: AH)
Jørgensen presenterte planane om eit produksjonsanlegg på Fusa (foto: AH)
Jørgensen presenterte planane om eit produksjonsanlegg på Fusa (foto: AH)
1 av 3

Tysdag ettermiddag kom kommunal- og moderniseringsminster Jan Tore Sanner (H) på ein snarvisitt til Bjørnefjorden Gründerpark kor han blei møtt av ordførar Marie Bruarøy (H), rådmann Christian F. Fotland og næringssjef Daniel Skotheim.

– Os kommune har investert 500 000 kroner i gründerparken kor målet er å få opp talet arbeidsplassar i kommunen. Det er ei av utfordringane ved å ligga så tett på ein storby som Bergen, innleia Bruarøy før to av gründerverksemdene, Byggmappen - Lean Konseptutvikling og MA Gruppen fekk presentera sine prosjekt for statsråden.

– Sterke miljø som utviklar ny verksemd

Statsråden lot seg både imponera og engasjera under dei to innlegga.

– Dette var to flotte representantar. Det er to sterke miljø som utviklar ny verksemd. Dei er to veldig forskjellige verksemder som begge byggjer for framtida, oppsummerte Sanner, då Midtsiden ba om ein kommentar.

– Byggmappen er i tråd med det vi frå statleg side tenkjer. Vi skal ha papirfrie byggplassar uten feil og ein betre dialog med både utbyggjar og bustadkjøpar. Det Lean Konseptutvikling presenterte viser at dei er blant dei fremste på området.

– MA Gruppen med mikroalger er det virkeleg dimensjoner, som svarar på dei utfordringane vi har med bruk av biomasser og -avfall.

Hjelper kvarandre

På spørsmål om kva han tenkjer om at kommunen har tatt initiativ til gründerparken var Sanner tydeleg.

– Denne typen gründerparkar er det nye. Her møtast svært ulike miljø, kor dei får delt ideear og hjelper kvarandre med utviklinga. Det er ein god måte å hjelpa nystarta verksemder på, konkluderte Jan Tore Sanner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.