Lokal | 18. aug. 2014

– Dette er ikkje ein parkeringsplass

Feilparkerte bilar sto tett i Industrivegen ved skulestart i dag. Og burde ikkje trafikken gått motsett veg i denne av- og påstigingslomma?

– Dette er ikkje ein parkeringsplass
Sånn såg av- og påstigingslomma i Industrivegen ut i dag. (Foto: Os kommune) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. aug. 2014 10:03

Sjølv om politiet er aktiv og synleg ved skulestart er det ikkje alle plassar alt har gått like silkemjukt i dag.

– Av- og påstigingslomma ved Industrivegen er ikkje ein parkeringsplass, seier Terje Myking frå teknisk drift i Os kommune.

– I dag sto det fleire bilar parkert i lomma. Ein av bilane sto dessutan parkert midt i gang- og sykkelvegen.

Feil kjøreretning?

Underteikna har sjølv ein son som er elev ved Kuventræ barneskule. Når han ein sjeldan gong blir kjørt til skulen har eg undra meg over kvifor ikkje folk kjører motsett veg enn det du ser på bildet.

Lomma, som var ny for eit par år sidan, er ikkje skilta med anna enn parkering forbode.

(På trass, i forsøk på å driva vaksenopplæring, har eg kjørt motsett veg, utan at det ser ut til å ha hatt effekt. Men undrande blikk, det har eg fått).

Ved å kjøra inn øvst, som det no blir gjort, blir det mindre flyt på veg ut, blant anna fordi svingen blir så krapp ut og til høgre at du ofte må over i motsett kjørefelt og derfor også må ta omsyn til bilar på veg ned til dei to barnehagane. Og dei er det mange av.

Om trafikken hadde gått motsett veg, som i ei rundkjøring, ville det blitt:

1. Tryggare avstiging (viss ungen sit i passasjersetet framme)
2. Betre flyt, då det er lettare å kjøra ut oppe enn nede i Industrivegen.

Skal prosjektera krysset

Myking fortel at Os kommune har starta ei detaljprosjektering av forbetra løysing for den aktuelle lomma.

– Når den prosessen er komen litt lengre kan vi koma tilbake til forslaget ditt.

– Fram til det skjer, og etterpå, vil vi likevel at folk skal bruka dette til av- og påstiging, ikkje til parkeringsplass. Då blir det tryggare for elevane, seier Myking.

Truleg blir det mindre parkering på plassen dei neste dagane uansett, då det i dag var mange som ville følgja ungane sine til skulestart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.