Næringsliv | 10. nov. 2016

Dette er Varåsen

1966 - 2016: Os Bygg og Eigedom innleia 50-årsfesten sin med denne videoen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. nov. 2016 22:53

I september var det 50 år sidan Os tomteselskap blei oppretta, torsdag kveld markerte Os Bygg og Eigedom AS jubileet med festmiddag i Oseana Kafé og Restaurant.

Styre, tidlegare styreformenn, ordførar og tidlegare ordførarar var saman med ulike samarbeidspartnarar blant dei inviterte.

Festen blei innleia med tilbakeblikk og samanlikning, korleis såg områda som OBE har vore involvert i ut i 1966 og korleis ser dei ut i dag?

Før og no

– Det var ein stor jobb både med å finna gode nok bilde frå 1966 og å ta bilde frå lik vinkel i dag. Eg trivst ikkje i helikopter, men fekk god hjelp av Varde Media, som fekk sjå før-bilde før dei gjekk i lufta med drone, fortel Ruth Bjørø Birkeland for Os Bygg og Eigedom.

Ho har sett saman videoen med bilde frå Mobergshaugen i Os sentrum, Varåsen, Kuhnle, Hellebakkane, Skorvane, Sollia og Halhjem.

– Den einaste plassen eg måtte rekonstruera var Halhjem. Widerøe tok bilde av gardane og tettbygde strøk, men det som i dag er Halhjemsmarka var utan bygg, så utan bilde måtte eg ta ein lang runde på photoshop, innrømmer ho.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå markeringa i eiga sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.