Kultur | 12. sep. 2017

Dette gjekk nesten bra

Songen glei lettare enn praten då Midtsiden var på jam med Jordal, Økland og Endresen før fredagens konsert.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 12. sep. 2017 20:43

Det handlar om kjærleik når Helge Jordal, Tor Endresen og Hilde Økland fredag held konsert i Oseana.

Tor Endresen har saman med Are Selheim komponert ei rekke melodiar som ikkje tidligare er gjevne ut.

Konserten er med bakgrunn i trioen sitt nye album, «Book of love», men trioen vil òg spela fleire av dei mest kjente kjærleikssongane.

Midtsiden fekk ein liten prat og ein god smakebete i Griegsamlinga i Oseana søndag. Etter nydeleg akustisk musikk var det Helge Jordal sin tur til å invitera sjåarane på konsert. I videoen over ser du korleis det gjekk.

Oseana, som nyleg har byrja å samarbeida med Er-An Veikro, fylte plattingen med amcars fredag som var. Til denne konserten har dei eit samarbeid om romantisk middag på Røykenes i forkant av konserten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.