Lokal | 14. nov. 2011

Dette har du ikkje sett før!

No har 100 av 200 nye skilt i sentrum kome på plass. Kvar kan du stå 1/2, 2, 3 og 8 timar?

Dette har du ikkje sett før!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. nov. 2011 10:54

Skiltinga av Os sentrum er godt i gang.

– Vi kjem nok opp i 200 nye skilt. Det har gått unna dei siste dagane, så vi er cirka halvvegs, seier parkeringsvert Elisabeth Thomassen.

Ho assisterer montør Magnar Bjørnevik frå stolpe til stolpe gjennom sentrum.

På Kyrkjeflaten og ved gjestebrygga har det kome skilt Os sentrum ikkje har hatt før, skilt for 3-timarsparkering.

– Dei fleste plassane er det 2-timarsregelen som gjeld, men vi har også plassar for 3- og 8-timarsparkering.

Også 30-minuttar og einvegskjøring

I Brugata står skilt med plast på. Skilta fortel at gata er einvegskjørt, frå sentrum og ut på Hatvikvegen. Om ikkje lenge, truleg på tampen av veka, blir det forbode å svinga inn i sentrum frå Hatvikvegen.

– Vi ventar på nokre skilt. Når vi har endra til einvegskjøring skal vi også endra pakeringsreglane for denne gata. Det blir lov å stå utanfor apoteket, men i heile gata, med unntak av dei private plassane ut mot elva, blir det korttidsparkering på 30 minutt, forklarar Thomassen.

Her er reglane:

Er du forvirra? Eller er du blant dei som later som om du er forvirra fordi du liker å ha noko å klaga på?

Uansett, her er ei enkel forklaring på parkeringsreglane i Os sentrum:

• Det er gratis å parkera på alle offentlege P-plassar.

• Du skal visa kor tid du sette bilen frå deg, anten med å skriva det på ein lapp eller ved å bruka ei P-skive, som i praksis er ei leikeklokke i papir. Denne skal du legga på ein synleg plass.

• P-skive kan du kjøpa i butikkane eller på kundetorget i rådhuset. Prisen er 20 kroner. Nokre butikkar deler desse ut gratis.

Du kan stå gratis, men berre inntil 2 timar.

På desse plassane gjeld andre tider:

Rema 1000 Kuvenstasjon:
Pendlarparkering 20 timar, les meir på skyss.no

Vognhallen, Kløvertun, gamlebadet/Landboden og ved Byvegen/avkjørsle til barneskulen: 8 timar

Ved Kyrkjetunet og ved gjestebrygga, nærmast Hatvikvegen: 3 timar

I Brugata (når den blir einvegskjørt, i slutten av veke 46): 30 minutt

Sjå også skiltplan i høgre marg. Trykk på bildet for fullversjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.