Næringsliv | 03. apr. 2017

Dette prosjektet kan utløysa studie av Steinneset

I utgangspunktet skulle dei berre bygga åtte nye leilegheiter. No kan Steinneset få ei meir omfattande utgreiing.

Dette prosjektet kan utløysa studie av Steinneset
I samarbeid med nabo, og etter tett dialog med Os kommune, fekk Bjørnefjorden Utvikling laga desse skissene. No er dei sett på vent mens Steinneset skal studerast. (Ill. HLM Arkitekter)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. apr. 2017 19:18

Bildeserie:

I utgangspunktet var det dette raude huset som skulle bli nye husvære. (Foto: KVB)
I utgangspunktet var det dette raude huset som skulle bli nye husvære. (Foto: KVB)
No blir det studie av heile det markerte området. (Kart: Os kommune)
No blir det studie av heile det markerte området. (Kart: Os kommune)
1 av 2
I utgangspunktet var det dette raude huset som skulle bli nye husvære. (Foto: KVB)
No blir det studie av heile det markerte området. (Kart: Os kommune)

Bjørnefjorden Utvikling AS, som blei stifta i 2012, driv med eigedomsutvkling i Os. Selskapet er eigd av to kameratar, Helge Engevik og Guttorm Gjerde, med ektefeller.

– Vi har hatt eit par prosjekt til no, ikkje så store, men dei var begge vellykka og lønsame, seier Guttorm Gjerde.

Etter å ha hatt kontakt med eigar nokre år, inngjekk selskapet i april 2015 utbyggingsavtale på tomta til «legehuset» på Steinneset, eit eldre bygg med leilegheiter og kontor.

– Tomta er jo fantastisk, med kveldssol og utsikt, eit halvt steinkast frå sjøen og 100 meter til Os sentrum. Vi ville riva og bygga nytt for å legga ut åtte fine leilegheiter for sal.

Då dei kontakta planavdelinga i Os kommune, for samtalar om kva dei burde teikna inn, blei prosjektet meir omfattande.

Høgt og låg saman med naboar

– Vi blei anbefalt å løfta blikket litt. Både fylkeskommunen og Os kommune sin filosofi er at det skal byggast for framtida i sentrumsnære strøk - dei vil ha fleire bustadar, ikkje få og store.

Ein nabo tok kontakt og ville hekta sin eigedom på prosjektet. Dermed kunne prosjektet bli endå større, samtidig som dei verken gjekk for høgt eller teikna for tett.

Dessutan eig Os kommune ei stripe på til saman 4 mål langs vegen ut til moloen og badefjøra. Kommunen gjekk i fjor sommar inn i prosjektet for å delta med utviklinga av området.

– Det er eit følsamt terreng, i grensa mellom einebustadområde og det meir urbane i sentrumskjerna, vi er opptatt av å tilpassa oss dette best mogleg.

– Dialogen med administrasjonen i Os kommune var veldig tett og konstruktiv. Vi fekk inn Multiconsult, HLM Arkitekter og meklarkontoret Vikøyr & Brandt, eit kanonlag, og sto klare til å ta neste steg.

Men før dei ville søkja om oppstart på regulering ville dei sikra seg den kommunale tomta. Saka var oppe i kommunestyret i februar, men då løfta politikarane blikket endå meir.

Ber om moglegheitsstudie

Saka blei behandla bak lukka dører. Terje Søviknes, som kjenner prosjektet og planane godt, er som kjent i Oslo. Lokalpolitikarane som no fekk utkast til samarbeids- og kjøpskontrakt i fanget, hadde verken sett skissene eller hadde same kjennskap til den lange dialogen som har vore i forkant.

Dei ville utgreia området betre før dei tok stilling til eventuelt sal av tomta til kommunen.

«Os kommunestyre seier nei til å inngå ein samarbeids- og opsjonsavtale med Bjørnefjorden Utvikling AS på noverande tidspunkt. Saka vert send attende til administrasjonen, kor ein ber om ein moglegheitsstudie for området Haugsnesefjero, på strekninga frå Vindu mot Fjorden og ut til og med Haugsnesmoloen» står det i referatet etter den lukka delen av kommunestyremøtet.

Til møtet i morgon ber administrasjonen om 300.000 kroner til eit studie der tre arkitektar skal koma med kvar sine idear, i tre ulike gradar av utnytting.

Kan det koma noko framfor?

Om ideen om mogleheitsstudie kom brått på både utbyggar og administrasjon, kan den føra til at både utbyggar og kommune får ein betre og tryggare plan for framtida.

– Vårt planlagte prosjekt med bubilparkering på Steinneset er ei enkelt løsying som ikkje utelukkar anna bruk seinare. Vi har vore for opptatt med fleire større prosjekt til å sjå langt fram i tid på Steinneset, seier kommunalsjef Aina Tjosås til Midtsiden.

– Om Bjørnefjorden Utvikling sitt prosjekt blei realisert, og det seinare viste seg at vi ville regulera inn bustadar framfor, på innsida av moloen, så ville ikkje det vore heldig heller.

Spennande ventetid

Bjørnefjorden Utvikling er spent på kva som kjem fram i det komande studiet.

– Etter lang tid med god dialog, der vi har fått skissa inn akkurat det vi fekk signal frå kommunen om, sto vi no heilt klare. No må vi setja ein fot i bakken, og venta nokre månadar, men det får heller våga seg.

– Området er sentrumsnært og spesielt, og det viktigaste er at både vårt prosjekt og andre prosjekt som kan koma seinare, står best mogleg til kvarandre, seier Guttorm Gjerde.

– Det blir uansett spennande å sjå kva dei tre arkitektane kjem med, både den som skal teikna høg utnyttingsgrad, middels og låg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.