Lokal | 29. mai 2017

– Dette skulle vi hatt oftare

Mens grunnskulen hadde fri hadde helsefagelevar ein spesiell fredag saman med eldre.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. mai 2017 19:16

Fredag var inneklemt dag og fri for mange elevar og lærarar i Os, men vidaregåande skular var opne.

Elevar frå helsefag VG1 fekk likevel ein annan skuledag enn vanleg, då Os vgs er ein av mange skular som samarbeider med organisasjonen «Livsglede for eldre».

– Vi hadde alle elevane i begge klassane ute, 30 helsefagstudentar var spreidde på ulike avdelingar på Lurane og Kuhnle, fortel kontaktlærar Rebecca Hoff Vangsnes.

Nokre elevar var innandørs og gjorde noko ekstra for dei eldre, andre var ute og lufta seg eller ein tur på Det historiske tunet på Lyngheim.

«Vi arbeider for at alle eldre skal ha en god og meningsfull hverdag, og gjennom gode opplevelser skal vi stimulere de sosiale, åndelige og kulturelle behovene til den enkelte. Livsglede for Eldre er en ideell stiftelse som skal utløse frivillighet og engasjement» skriv organisasjonen på heimesidene sine.

For elevane var fredagen ein del av undervisinga, men dei såg ut til å trivast like godt som dei eldre med dagens samvær.

– Elevane har praksis både med eldre og yngre, på Lurane, i skular og i barnehagar. Når dei er i VG2 skal dei òg få dagar med eldre, som Kom deg ut-dagen, fortel Vangsnes.

Sjå video og bilde frå Kom deg ut-dagen på Lurane i 2013.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.