Sport | 21. okt. 2014

Dette tener Os på Fredrik sin proff-kontrakt

– Om vi driv klubben vidare på den måten vi ønskjer kan det bli tettare mellom desse inntektene, seier Lars Bakkerud.

Dette tener Os på Fredrik sin proff-kontrakt
Fredrik Heggland anno 2012 og 2014. (Foto: KVB/Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. okt. 2014 09:04

I november 2012, rett etter at han fylte 17 år, signerte Fredrik Heggland overgang frå Os (3. divisjon) til amatørkontrakt med SK Brann, ein kontrakt som var gyldig frå 1. januar 2013.

I førre veke fekk Fredrik proffkontrakt med Brann, gjeldande frå 1. januar 2015.

– Først og fremst ønskjer vi å gratulera Fredrik! Han har rykte på seg for å vera ein skikkeleg stå-på-kar og eg trur han kan vera ei viktig inspirasjonskjelde for unge fotballspelarar i Os.

– Dette er berre starten, men han viser at det er mogleg, seier sportssjef i Os, Lars Bakkerud.

Det er ikkje berre på sportsleg plan Os kan gle seg, klubben får inntekter i form av utdanningskompensasjon for Fredrik, som har vakse opp i Os TF.

Tener truleg 150.000 kroner

Utrekning av storleiken på utdanningskompensasjonen har to trinn, frå og med 12 år til og med 15 år er første trinn, her er det 10.000 kroner per år, altså 40.000 kroner.

I tillegg kjem ein sum per år frå fylte 16 år til overgangen skjer, der storleik per år er avhengig av divisjonen spelar går frå og til.

Forstår vi utrekningsmodellen rett skal Os ha snittet av Tippeligaen og 3. divisjon (100.000 + 10.000:2), altså 55.000 kroner per år.

Fredrik spelte for Os både den sesongen han fylte 16 år og 17 år, dermed skal inntekta til Os bli 40.000 + 110.000 kroner.

– Det kan nok stemma sånn nokolunde. Eg har sett litt på det og førebels rekna meg ut til at Os skal ha 160.000, seier Rune Soltvedt i SK Brann.

Lågare sum ved nedrykk?

Om Brann rykker ned blir det truleg mindre pengar på Os TF, då han berre går opp to divisjonar frå Os.

Då blir det 40.000 for barneåra og 25.000 for kvart av dei to ungdomsåra, altså til saman 90.000 kroner.

– Utan at eg sit med det framfor meg no så høyrest det rett ut. Fredrik sin kontrakt gjeld frå 1. januar 2015 og det er nok Brann sin divisjon i 2015 som avgjer.

– Fredrik sin kontrakt er uansett lik kva divisjon vi speler i neste år, seier Solvedt.

Kan skapa fleire

Det er seks år sidan sist Os fekk utbetalt utdanningskompensasjon for spelarovergang. Det var etter at Bjarte Haugsdal, som då var 18 år, signerte overgang til Brann i slutten av 2008.

– Med spelarmengda i Os TF Fotball og utviklingsprogrammet det blir lagt opp til, kan dette bli ei meir fast inntekt for klubben?

– Ja. Men vi bør sjå til at dei ikkje går for tidleg og vi har som mål å laga ein endå betre utviklingsarena for eigne talent i den alderen, at dei kan gå inn i ein profesjonell A-tropp i 2. divisjon i eigen klubb før dei går til øvste eller nest øvste nivå, seier Bakkerud.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.