Lokal | 23. feb. 2015

– Dette var ikkje noko kjekt

Langedalen: Eigaren var 50 meter frå inngangsdøra si då volvoen tok fyr.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. feb. 2015 22:12

Bildeserie:

Både lege, ambulanse, politi og brannvesen rykte ut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Både lege, ambulanse, politi og brannvesen rykte ut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Siste sløkking under panseret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Siste sløkking under panseret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Restar av eit ratt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Restar av eit ratt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bilen blei fullstendig utbrent. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bilen blei fullstendig utbrent. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Felgane rann nedover vegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Felgane rann nedover vegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5

I 22-tida måndag rykte Os brannvesen, lege, ambulanse og politi ut til bilbrann i Langedalen.

Førar, som var åleine i bilen, blei sjekka av lege, men skal ha kome uskadd frå brannen.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Bilen var heilt overtent då vi kom fram, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Kunne isolert Lysefjorden

Langedalen, som går frå E39 ved Joker på Søfeland og over til fv 161 Lyseklostervegen, var framleis stengt for trafikk då Midtsiden i 22.40-tida kjørte frå staden.

I utgangspunktet skulle vegen i kveld vore einaste opne bilveg mellom Drange og Lysefjorden og omverda, men grunna ras på Fanafjellet fekk ikkje Forsvarsbygg stenga på Ulven som planlagt.

Om ikkje vegvesenet hadde trekt løyvet sitt ville både Fanafjellet og Ulven vore stengt frå klokka 20 i kveld til klokka 6 i morgon, og den stengte Langedalen ville isolert krinsen fullstendig.

Nesten heime

Bilførar bur i Langedalen og var på veg heim då bilen byrja å fuska.

– Den fuska og kubba då eg var på veg opp bakken. Så kom røyken, fortel bilførar, ein mann i 50-åra.

Bilen, ein Volvo 850, står fullstendig utbrent 50 meter frå inngangsdøra til eigar.

– Eg sprang opp bakken til huset mitt for å henta brannsløkkingsapparat, men då eg kom til inngangsdøra og snudde meg, såg eg at flammane kom.

– Det var ein god og komfortabel bil, dette var ikkje noko kjekt, synest han.

VIDEO: Under ser du 8 sekund av brannen. (Lesarvideo)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.