Lokal | 29. aug. 2015

Dette vil dei gjera med Os sentrum

VIDEO: Sjå alle dei ni lokalpartia fortelja korleis dei vil utvikla Osøyro.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. aug. 2015 17:54

Bildeserie:

Midtsiden-journalist Andris Hamre leia debatten. (Foto: KVB)
Midtsiden-journalist Andris Hamre leia debatten. (Foto: KVB)
Alle lokalpartia var representert. (Foto: KVB)
Alle lokalpartia var representert. (Foto: KVB)
Olav Botnevik frå Os Bondelag spurde om arealpolitikk. (Foto: KVB)
Olav Botnevik frå Os Bondelag spurde om arealpolitikk. (Foto: KVB)
Debatten hadde godt publikum. (Foto: KVB)
Debatten hadde godt publikum. (Foto: KVB)
1 av 4
Midtsiden-journalist Andris Hamre leia debatten. (Foto: KVB)
Alle lokalpartia var representert. (Foto: KVB)
Olav Botnevik frå Os Bondelag spurde om arealpolitikk. (Foto: KVB)
Debatten hadde godt publikum. (Foto: KVB)

Under Bondens Dag på Os laurdag hadde Os Sentrumsforening og Os Bondelag rigga klart til debatt mellom lokalpartia.

Alle ni partia var representert og debattleiar, Midtsiden-journalist Andris Hamre, styrte politikarane til kvar sine 1,5 minutt om korleis dei vil utviklar Osøyro, skapa «liv på Øyro».

SJÅ ALLE PARTIA SINE INNSLAG I VIDEOEN OVER (ca 14 min).

Etter at alle hadde sagt sitt blei det nokre få replikkar. Først ut var Søviknes som svarte på MdG sitt forslag om å subsidiera leige til enkelte interessante firma eller institusjonar som kan skapa det meir livleg. Dette var ordføraren klar på at kommunen ikkje kan gjera. Bjørn T. Bøe viste til stipend-ordningar eller anna, som kan vera eit verktøy til bruk for same mål.

Kva er Os sin identitet?

Steinum frå Ap og Tømmerbakke frå Sp var begge kritiske til sal av offentleg eigedom nær sentrum, som gamle Os barnehage, brannstasjonen og Fjellheim. Dei var også opptatt av å ta vare på Os sin identitet og dei som bur her frå før, både når det gjeld etasjehøgd og lysforhold.

– Kva er Os sin identitet? spurde Bruarøy frå Høyre. – Her er bygg frå mange ulike epokar, mange av dei er klare for fornying. Vi må våga å fornya Os sentrum, meiner ho.

Forlangte svar på etasjehøgd

Debattleiar Hamre følte opp med å be kvart parti, med eitt ord, svara på kor mange etasjar dei meiner Os sentrum kan tola.

Fleire var noko nølande og nemnte at det kom brått på, men alle utanom Senterpartiet svarte. Her er svara:

SV: 4
Ap: 5
KrF: 5-6
MdG: 5
V: 5-6
TvS: 5
H: 6
Frp: 5-6

– Vakre Os skapt av bøndene

Leiar i Os Bondelag hadde ei god innleiing til det andre temaet for dagen; landbrukspolitikk og arealplanlegging i samband med matjord.

Botnevik viste til den nye musikkvideoen til nyinnspelte Os-songen, der mange av bilda som viser kor fin bygda er viser nettopp dyrka mark, terreng opparbeidd av bønder over generasjonar.

– I mindre grad viser den noko som politikarar har skapt, sa Olav Botnevik, og spurde kva kvart enkelt parti ville gjera for å verna om areal til landbruk.

Den debatten kjem vi tilbake til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.