Kultur | 30. sep. 2014

Dobbel dose Sabeltann

Sundag kan alle småpiratar i Os ta turen til Oseana for å sjå den norske storfilmen Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama.

Dobbel dose Sabeltann
Kaptein Sabeltann og Langemann ankommer Abra Havn i Den Sorte Dame. (Foto/Copyright: Storm Films)
Kari M. Lyssandtirsdag 30. sep. 2014 07:43

Fredag 26. september var det premiere på den nye Kaptein Sabeltann-filmen: Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama. Filmen kjem til Oseana søndag 5. oktober.

– Vi trur responsen blir god og har sett opp to framsyningar.

– Filmen blir vist kl 13 og kl 16, og billettsalet er allereie i gang, fortel Astrid Heggland frå Oseana.

I tillegg til Kaptein Sabeltann blir filmen The Maze Runner: I dødens labyrint vist klokka 19.

Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama

Dette skriv Bygdekinoen om filmen:

Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama er eit storslått actioneventyr, spekka med humor og spenning.

Vi følgjer den foreldrelause Pinky på ei spennande reise frå Abra Havn til det legendariske kongeriket Lama Rama, der dei møter den lattermidle Kong Rufus og den skumle broren hans, Prins Badal.

På vegen må Kaptein Sabeltann og hans menn kjempe mot den pill råtne vikingpiraten Bjørn Barsk og båttjuvane hans. Med heltemodig innsats frå mannskapet, Pinky og Ravn, opplever sjørøvarane våre eit eventyr dei seint vil gløyma.

Men vil Kaptein Sabeltann finne skatten, og finn Pinky svaret på kven som er pappaen hans?

Filmen varer i 1 t og 36 min. og har fått aldersgrense 7 år av denne årsaka: ”Enkelte mørke og dramatiske scener gjør at filmen får 7-årsgrense”.

"Gullpengar" i kiosken

Både BT og P3’s filmpolitiet har anmeldt filmen, som er Noregs mest påkosta barnefilm nokon gong.

Ifølgje kommentarane har publikum noko og gle seg til på søndag.

– Vi har skaffa ”gullpengar” til kiosken på søndag, og er dermed klar for storinnrykk av sjørøvarar!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.