Dobbel Lunde førte til 4-1-siger
Os hamna under, men hadde alt i alt god kontroll på Vard Haugesund 2 på heimebane.
Bildeserie:
Borte blei det 2-0-tap i noko Os kallar ein av sine svakaste kampar denne sesongen. I dag hadde Os, trass skade på Tiago og Hassan, grei kontroll.
Gjestane Vard Haugesund 2 hadde dei største sjansane første halvdel av førsteomgangen, på kontringar, og skåra det første målet etter ei uheldig klarering rett i ein Vard-spelar.
Men Os hadde ballen og kom til innlegg etter innlegg, og hadde fem cornarar mot null til gjestane før pause.
Rett før pause blei det også utlikning.
Os - Vard Haugesund 2 4-1 (1-1)
Målskårarar, Os: 1-1 ved Sander Kvittingen (44.), 2-1 Erik Kanestrøm (straffe i 50. min), 3-1 Stian Lunde (55.) og 4-1 Stian Lunde (86.).
Os: Andrew Todd - Endre Brenne, Adrian Valle, Torkel Hjertnes, Glenn Krossøy - Rafael Villén, Marius Mikkelsen - Erik Kanestrøm (Torgeir Lunde fra 82.), Stian Lunde, Emil Halvér (Knut Spangelo Haga fra 75.) - Sander Kvittingen (Anders Havsgård fra 87.)
1-1 kom etter eit av fleire innlegg frå Os si høgreside. Spesielt Endre Brenne på overlapp med Halvér skapte ein del før pause. Sander Kvittingen utnytta rot mellom Vard-keeper og -forsvarar og utlikna eitt minutt før pause.
Vard si skåring kom i 30. minutt då Todd klarerte eit tilbakespel frå Valle rett i ein Vard-spelar og fekk angriparen bak seg.
2-1 kom på straffe, uvisst kva dommar blåste for, ved Erik Kanestrøm i 50. minutt.
3-1 sette Stian Lunde inn då han pressa midtstoppar, vann ballen og viste ro åleine med keeper.
4-1 kom på retur etter eit knallskot av Endre Brenne.
Vard hadde ballen mest frå 60. til 75. minutt, elles var det Os som trilla ball og skapte mest, med unntak av nokre småfarlege kontringar av gjestane. Os er no berre fem poeng bak 3. plassen på tabellen.
Midtsiden kjem tilbake med meir.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.