Kultur | 21. feb. 2017

Dobbelt så smud på Oseana

Dagfinn Lyngbø doblar antal framsyningar på Oseana av showet «Supersmud».

Dobbelt så smud på Oseana
Dagfinn Lyngbø set opp to ekstra show i Oseana i desember (foto: John Andresen/Stand Up Norge AS)
Andris Hamretirsdag 21. feb. 2017 13:03

Dagfinn Lyngbø sel billettar så det susar. No opnar Oseana og Stand Up Norge opp for to ekstraframsyningar når han kjem til Os 8. og 9. desember.

For knappe to veker sidan opna salet på Dagfinn Lyngbø sitt show «Supersmud». No er om lag alle billettar rivne vekk.

-Det har vore kø både i billettluka og på telefonen. Det er berre eit par rader med ledige billettar att på kvar av dei to framsyningane, og trøkket er framleis stort. Det er difor veldig kjekt at Stand Up Norge no set opp ikkje berre éi, men to ekstraframsyningar, smiler arrangementssjef Berit Steen.

To framsyningar kvar dag

Lyngbø doblar antal show dei to nemnte dagane og køyrer framsyningar også kl. 21.00. Steen har trua på at også her må folk vere kjapt ute dersom dei vil sikre seg billettar.

-Med tanke på kor fort dei fyrste to showa har seld trur eg ikkje publikum bør vente for lenge. Vi har absolutt tru på at vi kan få til fire fulle hus med Dagfinn, og det kan gå fortare enn folk trur. Det er veldig kjekt når billettsalet går supersmud, avsluttar Steen.

Billettsalet på dei to ekstraframsyningane startar torsdag 23. februar klokka 12.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.