Sport | 29. nov. 2015

Dobbeltsiger til volleyball-jentene

Både første og andre laget til Søre Neset vann laurdag.

Dobbeltsiger til volleyball-jentene
Søre Neset 2 etter sigeren. Oppe f.v: Kristine. Mailinn. Marthe. Morten (Mari på skulder) Eirun, Helle. Nede f.v: Marianne, Amanda, Rebecca, Erika (privat foto)
Andris Hamresøndag 29. nov. 2015 17:14

Det blei to sigrar på to forsøk då Søre Neset sine to volleyball-lag spelte serierunde laurdag.

Førstelaget slo Nyborg 3 3-1, etter settsifra 24-26, 25-7, 25-14 og 25-13, men trenar Morten Asphaug er ikkje særleg nøgd likevel.

– Det starta heilt forferdeleg. No skal ikkje eg ta frå Nyborg kriginga dei gjorde, men det første settet er det dårlegaste vi har gjort i løpet av dei par siste åra. Vi feila på serve, ved nettet, hadde dårlege slag og mottak, oppsummerar Asphaug.

Etter eit svakt førstesett, kom det seg utover i kampen.

– I det andre settet hever vi oss veldig og fekk i gang litt spel. I dei to neste var det òg litt rot, men vi tek dei heim.

– I dei neste kampane og i rankingspelet veit vi at vi kjem til å mangla nokre spelarar. Vi roterte difor eindel på plassene i denne kampen for å førebu oss til dei, men eg kunne tenkt meg betre enkeltprestasjonar.

– Totalt sett er vi litt misnøgd, men samstudes glade for to poeng etter ein svak dag, seier Asphaug.

Starta fantastisk bra

Rett etter førstelaget hadde spelt sin kamp var det andre laget sin tur mot BSI 3.

– Vi vinn 3-2 til slutt.

– Kampen startar vi fantastisk med ekstrem innsats og god spel, sjølv om vi var tynne med skader, spelarar på reise og eksamenslesing. Difor hadde vi med oss Kristine og Marianne som backup.

– I det andre og tredje settet kjem vi fort langt bak. Det blir for tøft å komma tilbake når vi ligg under med 10 poeng. Difor var det utruleg kjekt å sjå i fjerde settet. Jentene starter settet fantastisk, spelet er bra og vi har utruleg mange gode opphentingar.

– Det femte og siste settet var tett. Vi kom litt bakpå i starten, men fekk henta oss inn igjen rett før sidebytte. Derifrå og ut var vi i føringa, sjølv om det blei litt vel spennande då vi gjekk frå 14-11 til 14-14, men ein god timeout gjorde at vi avgjorde kampen i vår favør, avsluttar Asphaug.

Søre Neset vann med setta 25-20, 16-25, 16-25, 25-19 og 16-14.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.