Næringsliv | 18. aug. 2010

Dobla campingbesøk

Kuven Farm Camping har hatt dobbelt så mange gjestar i år som i fjor.

Dobla campingbesøk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. aug. 2010 20:23

- Vi har hatt campingvogner frå Noreg og Tyskland, mange nederlendarar på sykkel og ein einsleg gjest frå Sibir, fortel Inger Botnevik.

Campingplassen ho i 2009 starta på bondegarden, som ligg mellom Os sentrum og Kuventræ, fekk utvida kapasitet i forkant av årets sesong.

Les òg:
Utvidar campingplassen

- No kunne eg tenkt meg fleire hytter, for husværet vi bygde for utleige har vore populært supplement til campingplass, fortel ho.

39 par og familiar
Ho er ikkje sikker på kor mange personar som har overnatta på garden i sommar, men fortel at 39 har skrive seg inn i boka. Kor stort reisefølgjet til kvar enkelt har vore veit ho ikkje.

- 39 einingar er om lag det dobbelte av i fjor. Fleire gjestar har funne oss i OsGuiden eller blitt tipsa om oss då dei har vore på hotell i Os eller Bergen for å sjekka pris.

- Nokre har også vore fleire netter, gjerne fleire netter enn planlagt, så talet på gjestedøgn har eg ikkje.

Tilbakemeldingane har vore gode, noko vertsskapen trur har med den intime atmosfæren å gjera.

- Det er så lite til å vera campingplass at dei føler kanskje litt at dei er på besøk. Mange av gjestane kjem og tar meg i handa og takkar for seg, noko eg sjølv aldri har gjort på ein campingplass, seier Inger og ler.

Lysekloster og Osbadet
I fjor hadde ho gjestar frå 14 ulike nasjonar, også i år har nasjonaliteten variert.

- Ein stor del av gjestane er nederlendarar som har kome med sykkel. Men vi har også hatt plenen full av campingvogner, med folk som har brukt Os som base for utflukter til Bergen og Flåm.

I Os fortel ho at gjestane blant anna har fått seg symjetur i Osbadet og synfaring på Lysekloster.

Treng hytte og skilt
Inger og mannen Olav har også fått innreia eit lite husvære som dei har leigd ut til folk utan telt og til teltarar som vil ha ekstra komfort ei natt.

- Dette har vore populært, så no står fleire hytter høgt på ønskjelista.

Ho vil også jobba for å få campingplassen betre skilta.

- Vi har god plass og besøkstalet kan nok koma til å auka med åra, trur Inger Botnevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.