Vaktmeister Yngve Vevatne (t.v.) saman med Patrick sin bror, medeigar Sigvard Madsen, utanfor den komande, nye takterrassen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Doblar kapasiteten og løftar uterestauranten

Mandelhuset satsar lokalt - og regionalt - når dei utvider både kapasitet og kjøkken i ei av dei mest populære båthamnene rundt Bjørnafjorden.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Du har kanskje gått forbi, på veg til Tysnesfest sitt konsertområde på Gjerstad, og sett ned på stemninga på uterestauranten til Mandelhuset?Vel, no skal bordet snu, uterestauranten blir nærmast ein fortausrestaurant, der gjestane no har full kontroll på det som skjer til og frå Våge kai.

I etasjen under; utvida restaurant, eit areal som vil vera fleksibelt ved behov for selskapslokale.

– Tysnesfest er viktig for oss, men den livlege veka utgjorde ein klart større del av omsetnaden vår før enn no. Sjølv om Tysnes er ein liten kommune i folketal er Våge ein naturleg stoppestad mellom Leirvik, Bergen, Os og Rosendal.

– Vi har mange båtgjestar, også om sommaren kjem med skuffande vêr. Fleire kjem med båt for å gå fjelltur, eller for å sleppa ungane laus på leikeplassen ved hamna. Og vi har ulike selskap og trufaste lokale kundar som gjer at vi klarer å driva greit, seier Patrick Madsen.

Han overtok drifta av Mandelhuset i 2005, saman med broren Sigvard og Karl-Aage Tvedt. I 2012 kjøpte dei også eigedomen.

– Vi har pussa opp i fleire omgangar, det største til no var nok innreiinga av det det som var lagerbygg til butikken som var her før, som no er eige selskapslokale. Men ingenting av det vi har gjort før kan samanliknast med utvidinga vi held på med no.

Doblar både kjøkkenet og kapasiteten

Huset som i dag er Mandelhuset blei tatt i bruk som handels- og bustadhus av Kristoffer Berntin Johnsen (1880 - 1953) i 1923. Butikken var i drift til 1994, i 1995 blei det kafé i Mandelhuset.

– No doblar vi kapasiteten på gjestar i tillegg til at kjøkkenet blir meir enn dobbelt så stort, fortel Patrick.

Det innreidde lageret, som står i eige bygg på kaien, har plass til 25 gjestar, puben/restauranten dei har i dag kan i tillegg dekka til 40-50. I salen som no er under bygging, under den komande uterestauranten/takterrassen, har plass til 75 gjestar.

– For å få god drift året rundt er det viktig å ha kapasitet for større selskap. No har vi fått bestilling på våre første bryllaup i Mandelhuset, frå før har folk i aukande grad tatt kontakt for feiring av runde dagar og liknande.

– Samtidig er det viktig for oss at tilfeldige gjestar skal veta at dei kjem til ope hus, og dette blir enklare no.

Omsetnaden har dei siste åra auka frå 5,2 millionar kroner i 2012 opp mot 6 millionar kroner i 2015. Fjoråret blei det ny rekord.

Vil servera nyskoten hjort - får offentleg støtte

Forretningsplanen til Mandelhuset har tittelen «Kjærleik for det lokale». Drivarane er ikkje berre glad i huset og hamna, dei vil driva god distriktspolitikk samtidig som dei byr på svært kortreiste matgleder.

– Vi får ofte tilbakemeldingar om at Mandehuset er ein kjekk stad å vera. No vil vi ta det eit steg vidare, ikkje berre for å skapa gode arbeidsplassar på Våge, men med å styrka den lokale identiteten.

Mandelhuset har tidlegare fått både nokre kroner i støtte, og fått sponsa mentor av Innovasjon Norge. I forretningsplanen står det på lyrisk vis:

Så skyt kolben bak mot skuldra, medan prosjektilet regelrett dansar over myra, i ein rasande fart mot hjorten. Nokre timar seinare står kokken og lærlingen på Mandelhuset, der dei diskuterer haustens meny.

– På Tysnes kan vi vera nærmast sjølvforsynt store delar av året. Vi ønskjer å servera nyskoten hjort, lammekjøt og poteter frå Dalland gard og nokre av dei finaste ostane i landet, frå Myrdal gard, seier Madsen.

Kjøkkenet skal stå ferdig til påske, resten av byggearbeidet skal vera ferdig til pinse (første helga i juni).

– Vi har halde puben open mens vi bygger, men ser veldig fram til å få opna kjøkkenet igjen, seier Patrick.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Gang- og sykkelveg heilt i skodda

27. mars 2017

Kommunen prioriterer trygging av Hatvikvegen på topp, men slit med å få Statens vegvesen til å ta arbeidet med grunnavståing.

bilde-midtsiden

Tuva sparka seg til NM-sølv

27. mars 2017

Karate-NM i Bærum: Etter Tiril sitt gull og Carmen sin bronse laurdag, følgde Tuva, Armin og Benjamin opp med kvar sine medaljar søndag.

bilde-midtsiden

Rota vekk sigeren

27. mars 2017

Osherrane har berre seg sjølv å takke for at dei ikkje slo Sotra og tok tredjeplassen i 3. divisjon.

bilde-midtsiden

Os oldboys til nok ein finale

26. mars 2017

Her er spelande assistenttrenar Leif Erik Solbakken si fargerike skilding av Statoil Bergen Open - og av lagkameratane sine prestasjonar.

bilde-midtsiden

– Vinn som eit lag

26. mars 2017

Osdamene med fire av fire moglege poeng på austlandet etter solide 30-24 over Fram.

bilde-midtsiden

Osing vald etter kampvotering

26. mars 2017

Ketil Tømmernes frå Søfteland T&IL er vald til ny friidrettspresident etter kampvotering mot tidlegare president Tore Hordnes.