Politet er på staden etter at ein død person blei funnen ved Banktjørna fredag ettermiddag (foto: Andris Hamre)

Død person funnen i Os

Ein person er funnen omkomen i Banktjørna.

Av: Andris Hamre

Fredag ettermiddag rykte politi og brannvesen ut til Banktjørna like nord for Os sentrum.

– Eg kan stadfesta at vi har funne ein død person, seier innsatsleiar Ole Marius Røttingen frå Vest politidistrikt.

Identiteten til personen er ikkje kjend, men politiet har valt å varsla dei pårørande i sakna-saka om funnet.

OPPDATERT: Vitne såg noko som flaut i vatnet i går - henta til land av dykkarar i dag

– Eg kan ikkje no seia kor lenge vedkomande har lagt der eller om det er den sakna personen. Det vil den vidare etterforskinga avdekka, seier Røttingen.