Sport | 14. aug. 2016

Dødballdød i Vallhall

Dødballene blei avgjerande då Lysekloster møtte Vålerenga 2 i Vallhall søndag. Fire av fem mål mot kom etter dødball.

Dødballdød i Vallhall
Zhubi spelte ein god kamp på topp mot VIF2 (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 14. aug. 2016 15:26

Lysekloster møtte Vålerenga 2 med mellomanna Herman Stengel, som skåra to, på motsatt banehalvleik då dei reiste til Oslo søndag.

Det blei eit målrikt møte. Heile åtte mål skåra dei to laga.

Vif2 - Lysekloster 5-3 (3-1)
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Ola Sjømælingen, Baste Jonassen, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen, Espen Birkeland, Ståle Steen Sæthre, Martin Røttingen Eidsvik, Sigve Rørstad, Sebastian Holmqvist, Petrit Zhubi.
Innbyttarar med speletid: thomas Helland, Hans-Christian Nysæther

– I dag var vi for svake, spesielt i forsvar. Vi slepp inn heile fire dødballer. Det er ikkje bra nok. Vi svikter nok litt i konsentrasjonen bak, oppsummerer sportsleg leiar, Svein Kollen.

Zhubi god

Lysekloster sine mål kom med Sebastian Holmqvist, Baste Jonassen og Petrit Zhubi.

– Zubi speler ein kjempekamp som spiss og får absolutt godkjent.

– Hadde vi hatt litt meir konsentrasjon på frisparka, så skulle vi ha tatt dette, meiner Kollen.

Lysekloster ligg framleis fire poeng over den kritiske 8. plassen som gjev nedrykk, samstundes er dei berre tre poeng bak tredjeplassen.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.