Sport | 22. apr. 2017

Dødballtap for Brattvåg

Lysekloster tok leiinga, men klarte ikkje stå imot dødballane til Brattvåg.

Dødballtap for Brattvåg
Her set Ole Thomas Herrem inn 1-0 til Lysekloster (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 22. apr. 2017 16:33

Før sesongen er Brattvåg og Lysekloster tippa i toppen av Norsk Tipping-serien avdeling 4. Laurdag møttest dei to forventa topplaga til oppgjer på Edne.

Gjestane kom best i gang, men etter åtte minutt viste vertane fint spel på høgresida og spelte seg lekkert gjennom Brattvåg-forsvaret. Ballen blei slått 45 gradar ut til Ole Thomas Herrem, som sto umarkert. Frå 12 meter gjorde han ingen feil og banka ballen kontant i mål.

Dei neste 20 minutta var det Lysekloster som var i føringa, og dei skapte nok til at dei burde gått opp i 2-0. I staden slo gjestane tilbake på ein corner etter halvtimen, og laga gjekk til pause med stillinga 1-1.

Blei pressa

I andre omgang blei Lysekloster pressa litt meir bakover på banen.

1-2 kjem etter 49 minutt, kor Lysekloster ikkje klarer å klarera eit innlegg inn i feltet. 1-3 kan bli kalla det merkelegaste målet som har blitt skåra på Edne. Eit sleivspark frå skrå vinkel går over keeper Chris Sunde Midtun og inn i lengste hjørnet.

Lysekloster jager redusering, men i staden for å skåra er det Brattvåg som får ei kontring og set inn 1-4 på overtid.

Lysekloster-Brattvåg 1-4 (1-1)
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Kapinga Brazy, Ken-Joar Føyen, Thorvald Trætteberg, Denis Ljubovic, Espen Birkeland, Martin Pedersen, Ole Thomas Herrem, Vladan Radojkic, Håkon Moldeklev, Tommy Gaustad.
Innbyttarar med speletid: Joakim Helland, Kristoffer Østervold, Thomas Helland.

Sjå tabellen

Raudt kort feil veg

I det 81. minutt får Moldeklev sitt andre gule kort i kampen og må av banen. Ei dommeravgjerd som verka merkeleg. Moldeklev er først på ballen og blir sparka under foten. Brattvåg-spelaren får vondt og Moldeklev får gult.

– Det er direkte feil avgjerd frå dommaren. I staden skulle det vore raudt til ein Brattvåg-spelar som takla Thomas Helland i knehøgde like før, meiner Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Jamnare enn resultatet tilseier

Hetlevik er nøgd med mykje av det spelarane hans viste fram i kampen.

– Kampen var jamnare enn det resultatet tilseier, men vi taper på dødballane. Det er dei som skiller laga i dag.

– Brattvåg kom med det vi visste dei ville koma med. Vi visste dei var gode på dødballar og at dei flyttar alt opp når dei får dødballar. Å tapa på det er det verste som finst. Vi må berre jobba vidare på det feltet, konkluderer Hetlevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.