Sport | 06. juni 2010

Dødt på dødball

Asker var sterkast, men Os hadde sine sjansar til å unngå tap i dag.

Dødt på dødball
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. juni 2010 18:25

Os - Asker: 0-3 (0-1)

Asker skåra på corner på overtid i første omgang, auka til 0-2 på straffe i andre omgang og avslutta med 0-3-skåring fire minutt på overtid.

- Første omgang var ikkje så verst, synes eg, med Torkel sitt flotte løp og sentring til Tore som største sjanse, seier Tim Henrik Sperrevik.

VIDEO NEDST I ARTIKKELEN:
Sjå skåringane og nokre av sjansane.

Os fekk det tøft og travelt mot tabelltoaren, men var ikkje sjanselause. I andre omgang skapte dei fleire cornarar og frispark nær Asker-målet, men alle var resultatlause.

- Det blei tungt å gå mot eit så solid forsvar kampen gjennom, og mista vi ballen så fekk vi djupe, raske løp imot.

Etter Notodden startar alvoret
Verken denne eller neste kamp, som går mot serieleiar Notodden, står nok budsjettert med 3 poeng.

- Vi bør gå for minst eitt poeng på heimebane uansett, men det blir mot Fana, Nest-Sotra, Førde og Åsane vi kjem til å kjempa dei viktigaste kampane våre. Presterer vi i desse kampane så klarer vi oss, seier fjorårets toppskårar.

Os - Asker: 0-3 (0-1)
Os (4-3-3): Halvard Enes, Daniel Kalstad, Per Søgnen Merai, Endre Brenne, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Frode Buvik, Vegard Leikvoll Moberg, Ramo Racic, Torkel Hjertnes.
Innbytarar med speletid: Mats Lepsøe, Preben Borgen og Tim Henrik Sperrevik

Asker: Lars Cramer, Jørgen Sandberg, Ulrik Arneberg, Christoffer Joys, Espen Røisland, Balal Arezou, Kristoffer Tollås, Stian Solberg, Tor Christian Bækken, Atli Heimisson, Armin Sistek.

Tilskodarar: 102 (betalande, minst like mange gratis)
Dagens Peppes-spelar: Vegard Leikvoll Moberg

SJÅ TABELL

Os speler neste kamp på bortebane mot serieleiar Notodden. Neste heimekamp går mot puljas til no sterkaste lag frå Hordaland, Stord laurdag 19. juni kl 16.00.

Fleire resultat frå 8. runde
Kjelsås - Åsane: 0-3
Frigg - Notodden: 0-2
Nest-Sotra - Fana: 3-1
Bærum - Førde: 6-0

VIDEO FRÅ OS - ASKER:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.