Den tidlegare ektemannen til Trude Brenna Aasen blei dømd til 17 år i fengsel (arkivfoto: KVB)

Dømt til 17 år fengsel

Eksmannen til Trude Brenna Aasen må òg betala oppreising og erstatning til dei etterlatte etter drapet i april i fjor.

Av: Andris Hamre

Torsdag ettermiddag kom dommen i saka der den tidlegare ektemannen til Trude Brenna Aasen sto tiltalt for drap.

Mannen har heile tida erkjent å ha drept den tidlegare kona, heilt sidan han sjølv meldte seg til politiet den aktuelle kvelden.

• Han er dømt til 17 år fengsel, med fratrekk av varetekt på 330 dagar.

• I tillegg blir han dømt til å betala til saman 1.306.001 kroner i oppreisingserstatning og erstatning til dei etterlatte borna og Aasen Brenna sin øvrige familie.

– Retten finn bevist at tiltalte hadde planlagt og overveid drapet, i fleire timar på førehand. Det at tiltalte heldt ein eventuell moglegheit open for at den avdøydde likevel kunne endra seg, slik at det ikkje blei nødvendig for tiltalte å ta fram den skjulte kniven og drepa henne, hindrar ikkje at drapet var overlagt, skriv dommar Håkon Rastum i domavgjera.

– I skjerpande retning peiker retten på at tiltalte ikkje berre planla drapet, men også at tiltalte var fullt klar over konsekvensane eit slik drap hadde for dei to barna hans, barnebarnet og den avdøydde sine foreldre.

Fekk eitt år rabatt

– Årsaka for drapet er uforståeleg. Det er høgst vanleg at eit samlivsbrot medfører at partane ikkje lenger kan behalde dei same eigedommane som før, anten det er fritidseigedom eller bustadhus. Det er viktig at det reagerast strengt mot drap begått i slike situasjoner og relasjoner, heiter det vidare i domsslutninga.

Samla sett meiner retten at straffen bør vera fengsel i 18 år, men at denne blir redusert med eitt år som følgje av tiltalte si tilståing.

Det er førebels ikkje kjend om tiltalte vedtek dommen.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Stå saman med folket i Palestina!

26. april 2017

Lesarinnlegg, markering i Os 1. mai: I år vert det markert 50 år med okkupasjon av Palestina og 10 år med blokade av Gaza.

bilde-midtsiden

«Dobbelt» vårslepp i Os sentrum

26. april 2017

Då sentrumssjefen måtte på klinikken fekk vi styreleiar i sentrumsforeininga til å fortelja korleis laurdagens Vårslepp skal bli.

bilde-midtsiden

SjekkUT Os-fjella

26. april 2017

Os Turlag lanserer fredag, saman med DNT over heile landet, ein ny gratis app som gjer det enklare å finna turmål i Os.

bilde-midtsiden

Tre frå Os blei meister i feltskyting

25. april 2017

Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle vann kvar sin klasse i Hordastevnet. I tillegg plukka Os Skyttarlag med seg to sølv og ein bronse.

bilde-midtsiden

Pallplass med bismak

25. april 2017

Bilcross: Kristian B. Gjøen var i helga på pallen for første gong. Så blei han tvungen til å selja bilen som morfar har bygd til han.

bilde-midtsiden

Tommy kom til Os for å takka

25. april 2017

Den tidlegare toppskåraren på Lyn, Tommy Nilsen, kom personleg til Kuventræ for å takka Os og Jada for innsamlinga til «babyen» hans, Karanba i...

bilde-midtsiden

Fekk termokikkert i gåve

25. april 2017

Med det nye termokikkerten vil mannskap frå Røde Kors kunna sjå personar i terrenget på 1000 meters avstand, sjølv om det er bekmørkt.