Jenta forklarte på legevakta at ho i 23-tida fredag 3. februar blei slått i svime og tatt inn i ein bil mellom Esso og Peppes. (Foto: KVB)

Dømt etter falsk valdtekt-påstand

Påsto at ho blei slått i svime og dradd inn i ein bil.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Natt til laurdag 4. februar, på Bergen legevakt, forklarte sikta til politiet at ho blei slått i svime i Os sentrum, og at ho vakna i ein bil med trusene nede på låret, eit tau rundt handleddet og med ein open pakke med kondom ved sidan av seg.

Bilen skal ha stått parkert mellom Esso og Peppes. Jenta forklarte at ho blei slått ned bakfrå av ein ukjent person, men fekk ein mistenkt då ein mann ho kjente igjen var med ho i bilen då ho vakna.

Over eit døgn med løgn

Politiet hadde avhøyr av éin mistenkt og sju vitne. Ut frå avhøyra, og totalbildet politiet danna seg av saka, festa dei etterkvart ikkje lit til jenta si forklaring.

Søndag kveld innrømte ho å ha forklart seg falskt.

Verken jenta, som fylte 18 år seinare i år, eller mistenkte, er frå Os.

«Svekker truverda til andre jenter»

Tysdag var saka hennar oppe for retten. Jenta møtte og erkjente forholdet.

Bergen tingrett gjorde det klart at dei ser alvorleg på episoden:

«Falske voldtektsanklager er alvorlige både fordi de utgjør en belastning for den som anklages, og fordi de er egnet til å svekke troverdigheten til kvinner som anmelder ekte voldtekter» heiter det i dommen.

Slapp fengsel

Brot på straffelov § 223 jf § 222 blir vanlegvis straffa med fengsel utan vilkår, normalt fem månadar. Då jenta ikkje var fylt 18 år på handlingstidspunktet kan ho berre dømmast til fengsel utan vilkår dersom det er «særleg påkrevd», noko som ikkje var aktuelt i denne saka.

Aktor la ned påstand om 150 timar samfunsstraff.

Retten valte å redusera straffa noko, blant anna fordi ho allereie dagen etter innrømte å ha gjeve falsk forklaring.

Sikta blei dømt til 120 timar samfunsstraff med gjennomføringstid på eitt år, subsidiært 5 månadar fengsel.

Jenta ba om betenkningstid.