Lokal | 22. juli 2016

Dømt etter utforkøyring for to år sidan

Hausten 2014 hamna han i grøfta i Åsen, våren 2015 blei han tatt med hasj.

Dømt etter utforkøyring for to år sidan
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. juli 2016 07:36

Ein mann frå Os i starten på 20-åra er dømt etter promillekøyring og køyring utan førarkort i september 2014 og for oppbevaring av hasj i april 2015.

Mannen hadde ikkje førarkort og i straffeskjerpande retning blei det lagt vekt på at køyringa førte til eit trafikkuhell då han hamna i grøfta på Lyseklostervegen nær hundeskulen i Åsen.

Natt til ein fredag i april 2015 blei han tatt med 5,1 gram hasj.

Gamal sak

Sikta møtte i retten og tilsto. Etterforskinga blei avslutta tidleg, men saka har blitt liggande lenge utan at sikta kan lastast for dette. Dette fekk konsekvens for straffeutmålinga, der fengsel blei gjort på vilkår og bota redusert.

Han blei dømt til to veker fengsel på vilkår og 5000 kroner i bot etter ei utforkøyring med promille (1,07) ein fredagkveld i september 2014.

Han blei òg dømt til ein sperrefrist på 22 månadar for erverv av førarkort, frå datoen han køyrde utfor, i dommen som han fekk litt over 22 månadar etter at han hamna i grøfta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.